Revidert nasjonalbudsjett
Styrker lågterskeltiltak innan psykisk helse- og rusarbeid
Nyheit | Dato: 11.05.2023 | Sist oppdatert: 16.05.2023 | Helse- og omsorgsdepartementet
Regjeringa styrkar fire tilskotsordningar til tiltak innan lågterskel psykisk helse- og rusarbeid med til saman 53 millionar kroner i forslaget til revidert nasjonalbudsjett for 2023.
– Psykisk helse- og rusfeltet er eitt av regjeringa sine viktigaste satsingsområde. Regjeringa vil gi lett tilgjengeleg hjelp til dei som slit med psykiske helseutfordringar og rusproblem mellom anna gjennom målretta tiltak i regi av frivillige organisasjonar. Derfor styrker vi fleire tilskotsordningar på feltet i 2023, seier helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol.
– Gjennom opptrappingsplanen for psykisk helse som blir lagt fram i år, og førebyggings- og behandlingsreformen for rusfeltet på nyåret 2024, vil vi førebygge betre og kome tidlegare inn med god hjelp og oppfølging, fortel Kjerkol.
Rådgivingstilskot
Tilskotsordninga Rådgivnings-, støtte- og veiledningstjenester blir styrka med 25 millionar kroner.
Tilskotet går fortrinnsvis til ideelle organisasjonar og kommunar som driv telefontenester eller chattetenester til menneske som opplev vanskar knytt til psykisk helse, rus og vald. Også andre typar rådgivings-, støtte- eller rettleiingstilbod kan søke om tilskot.
– Dette opnar for at fleire organisasjonar kan søke om middel frå dette etterspurde tilskotet, seier Kjerkol.
Når revidert nasjonalbudsjett er vedtatt, vil Helsedirektoratet gå gjennom søknadane som har kome inn på nytt. Direktoratet vil vurdere klagesakar kor søkaren oppfyller krava i regelverket og søkarar som har fått delvis innfridd søknad. Dersom det etter denne gjennomgangen står att midlar, vil det bli vurdert å lyse ut aktuelle tilskot på nytt.
Aktivitetstilskot
Tilskotsordninga til ideelle og frivillige organisasjonar som driv aktivitetstilbod på psykisk helse- og rusfeltet blir styrka med 10 millionar kroner.
– Mange med psykisk helse- eller rusproblem deltar ikkje i arbeid eller aktivitetstilbod. Gjennom å styrke aktivitetstilskotet bidrar vi til eit mer mangfaldig tilbod aktivitetar for målgruppene, seier Kjerkol.
– Idrettsaktivitetar og sosiale aktivitetar bidrar til at personar med rus- og/eller psykiske helseproblem kan oppleve meistring og moglegheit for eit aktivt og meiningsfylt tilvære.
Fontenehusa og Pårørendesenteret
Tilskotet til fontenehusa blir styrka med 10 millionar kroner. Fontenehusa gir arbeidstrening og meistringsopplevingar gjennom meiningsfylte aktivitetar og sosialt fellesskap, med sikte på å hjelpe deltakarane tilbake til ordinært arbeidsliv og studiar.
Pårørande er både ein viktig ressurs og ei gruppe som ofte opplev store belastingar.
Regjeringa styrker derfor løyvinga til Pårørendesenteret med 8 millionar kroner. Tilskotet skal bidra til å gi støtte, avlasting og rettleiing til pårørande.
Denne saka blei oppdatert tysdag 16. mai med informasjon om korleis Helsedirektoratet vil behandle søknadane etter at revidert nasjonalbudsjett er vedtatt.