Statsbudsjettet 2024
Styrker det statlege barnevernet
Pressemelding | Dato: 06.10.2023 | Barne- og familiedepartementet
Regjeringa føreslår å auke løyvinga til det statlege barnevernet med om lag 570 millionar kroner. Det løyvast òg midlar til å omstille og styrke institusjonstilbodet i barnevernet, og styrkinga for å auke talet på spesialiserte fosterheimar held fram.
– Vi ser at fleire barn har behov for tiltak i barnevernsinstitusjon, at barna har større behov enn tidlegare og at prisane på tiltak frå private leverandørar aukar. Regjeringa styrker derfor det statlege barnevernet for å sørgje for at barn og unge med store og samansette behov skal få hjelpa dei treng, og at kommunane får nødvendig bistand til å finn eigna tiltak til dei, seier barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp).
Etter nokre år med nedgang ser vi no ein auke blant barn og ungdommar med størst behov for hjelp frå barnevernet. Dette dreier seg ofte om barn og ungdommar som kan ha psykiske helseutfordringar, rusproblem og kriminell åtferd.
Institusjonsplassane til desse barna er svært ressurskrevjande. Dessutan har prisane på kjøp frå private ideelle og kommersielle leverandørar auka. Regjeringa foreslår å auka løyvinga til det statlege barnevernet med om lag 570 millionar kroner for å handtere situasjonen.
Fleire statlege og ideelle institusjonsplassar
Arbeidet med å styrke og omstille det statlege institusjonstilbodet held fram. Regjeringa føreslår derfor å løyva 60 millionar kroner til etablering, styrking og omstilling av statlege institusjonsplassar og 10 millionar kroner til å auka talet på institusjonsplassar levert av ideelle leverandørar.
– I dag blir rundt 60 prosent av tilbodet til barn med behov for behandlingsplass levert av kommersielle aktørar. Regjeringa meiner at barna med dei største behova bør varetakast av det offentlege sjølv, seier Toppe.
Det er viktig for regjeringa at omstillinga sikrar at tilbodet til barna blir varetekne. Derfor vil det saman med oppbygging av tilbod i offentleg og ideell regi framleis kunne vera behov for andre private aktørar i tida framover.
Vil auke talet på spesialiserte fosterheimar
Regjeringa føreslår 59 millionar kroner for å føre vidare styrkinga i RNB 2023 med å auka talet på spesialiserte fosterheimar i barnevernet. Talet på fosterheimar vil aukast både ved kjøp av fosterheimar frå ideelle aktørar og ved fleire statlege spesialiserte fosterheimar.
Fleire spesialiserte fosterheimar vil bidra til at færre barn må venta lenge på ein meir varig bustad i fosterheim og at fleire barn kan få tiltak i fosterheim som elles ville fått institusjonstiltak.