Styrkar sjukehusa sin økonomi for 2022
Nyheit | Dato: 25.11.2022 | Helse- og omsorgsdepartementet
I regjeringa si nysaldering for statsbudsjettet i 2022 blir det foreslått å auke sjukehusa sine budsjett med 2,5 milliardar kroner. Dette blir gjort for å sikre at sjukehusa kan føreta heilt nødvendige investeringar og for å verne psykisk helsevern.
– Det å skjerme velferdsoppgåvene er viktig i krisetider, og med ein vanskeleg økonomisk situasjon tar vi ansvar og bidrar til at det økonomiske resultatet for sjukehusa ikkje får dramatiske konsekvensar, seier helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol.
Grep i nysalderinga
I nysalderinga av 2022-budsjettet har regjeringa derfor berre gjort grep som dei meiner er heilt nødvendige i dagens situasjon. Eit slikt grep er å auka rammene til sjukehusa i inneverande år med 2,5 milliardar kroner.
– Dette vil betre det økonomiske resultatet for helseføretaka i år, og betyr to ting:
- Det vil framleis vere rom for heilt nødvendige investeringar og vedlikehald neste år, slik at vår felles helseteeneste framleis kan gi god velferd uavhengig av adresse og lommebok.
- Det vil også sette sjukehusa i betre stand til å følge opp prioriterte grupper, og her vil eg særleg trekke fram psykisk helsevern, seier Kjerkol.
Sjukehusøkonomien
- Sjukehusa har i fleire år hatt positive økonomiske resultat i tråd med det som er nødvendig for å sikre berekraft for viktige investeringar.
- Alle dei regionale helseføretaka har no negativ økonomisk utvikling og betydeleg svakare resultat i år enn kva som var forventa ved starten av 2022. Det skuldast i stor grad den sterke og uventa prisauken. I tillegg har drifta i sjukehusa også i år vore påverka av pandemien. Forslaget om tilleggsløyving i 2022 vil betre denne situasjonen.
- Den auka prisauken er ikkje kompensert i 2023-budsjettet, og vil påverke sjukehusøkonomien også i 2023.
- For å oppretthalde økonomisk kontroll vil det vere nødvendig for dei regionale helseføretaka å vurdere omstillingstiltak. Dei regionale helseføretaka legg no også i svært liten grad opp til vedtak om å sette i gang nye større investeringsprosjekt.
Fordelinga av dei 2,5 milliardane på dei fire regionale helseføretaka:
- Helse Sør-Øst 1 347,9 millionar kroner
- Helse Vest 477,4 millionar kroner
- Helse Midt-Norge 357,6 millionar kroner
- Helse Nord 317,1 millionar kroner