Statsbudsjettet 2024
Styrkar leseopplæringa og arbeidet mot mobbing i skulen
Pressemelding | Dato: 06.10.2023 | Kunnskapsdepartementet
Regjeringa foreslår å styrke arbeidet mot mobbing med 35 millionar kroner, og 25 millionar kroner til auka innsats for lesing.
– Regjeringa jobbar for ein fellesskule, der alle elever kan trivast, lære og oppleve meistring. Menneske treng små og store fellesskap, og norske elever skal gå på ein skule der dei både kan vere i lag og lære i lag. Derfor trappar vi opp arbeidet mot mobbing og styrkar arbeidet med lesing, seier kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap).
35 millionar til auka innsats mot mobbing
Elevundersøkinga har vist ein urovekkande auke i mobbetala, og mange elevar opplever at skulen ikkje klarer å løyse problemet.
– Slik skal vi ikkje ha det i Noreg og denne utviklinga må vi snu. Elevane har krav på ein trygg skulekvardag. Har dei det ikkje trygt og godt på skulen, går det utover både læring og utvikling. Derfor vil vi prioritere 35 millionar kroner til å styrke arbeidet mot mobbing, seier Brenna.
Regjeringa vil ha fleire målretta tiltak:
- 15 millionar kroner til å prøve ut lokale beredskapsteam eller ressurspersonar. Disse teama skal både kunne støtte og rettleie skulane i arbeidet med skulemiljøet og bidra med til betre regelverksforståing i 9A-saker.
- 10 millionar kroner til å utvide Læringsmiljøprosjektet for å auke talet på skular som kan vere med i læringsmiljøprosjektet, som er ei ordning der dei som slit med skulemiljøet kan få støtte og rettleiing av fagfolk over tid. Skular som har delteke i prosjektet har gått frå å vere over snittet til under, og endringane har vore varige. Auken i midlar gir rom for at 35 nye skular kan vere med i ordninga.
- 10 millionar til statsforvaltaranes arbeid med å støtte og rettleie kommunar i å utvikle trygge skulemiljø, og til å få ned køa av saker som statsforvaltarane får inn frå foreldre.
25 millionar til lesesatsing
Norske barn og unge les stadig mindre, og dei les dårlegare enn tidlegare, viser fleire undersøkingar. Barna les mindre når dei blir eldre, og gutar les mindre enn jentene.
– Utviklinga bekymrar meg. I fellesskulen vår skal det vere mogleg for alle elevar til å bli gode lesarar. Å kunne lese er avgjerande for å kunne tileigne oss kunnskap, uttrykke oss, delta i samfunnet og utvikle kritisk sans. Derfor vil regjeringa prioritere 25 millionar kroner til fleire grep som kan styrke leselyst og lesinga blant elevane, seier Brenna.
Regjeringa vil setje av 25 millionar kroner til følgande tiltak:
- 17,5 millionar kroner skal gå til kompetansetiltak for lærarane. Elevane les i større grad meir på skjerm, og lesevanane har endra seg. Dette gir nye utfordringar, og regjeringa vil sikre at lærarane har den rette kompetansen til å møte desse utfordringane.
- 5 millionar kroner til auka støtte til skulebiblioteka, og deira arbeid med lesestimulering i grunnskulen, slik at ramma for tilskotsordninga blir totalt 30 millionar i 2024. Levekårsutsette område vil bli prioriterte.
- 2,5 millionar i auka støtte til leselyst-prosjekter. Desse prosjekta kan til dømes vere bokbad, forfattarbesøk og lesekonkurransar.