Revidert nasjonalbudsjett
Innfører straumstønad for hushald som brukar nærvarme
Pressemelding | Dato: 11.05.2023 | Energidepartementet
Regjeringa foreslår å løyve 60 millionar kroner til ei ny, søknadsbasert straumstønadsordning for hushaldskundar av nærvarmeanlegg som baserer seg på straum.
— Denne stønadsordninga vil sikre straumstønad til ei gruppe hushald som fram til no har falle utanfor straumstønadsordninga. Det vil bidra til at det er lønnsomt å bruke nærvarme. Varmepumper i nærvarmeanlegg kan igjen bidra til betydeleg energieffektivisering, seier olje- og energiminister Terje Aasland.
I februar varsla olje- og energiministeren at regjeringa ville etablere ei søknadsbasert straumstønadsordning for hushaldskundar av nærvarmeanlegg (fjernvarmeanlegg utan konsesjon) som baserer seg på straum. Dette blir no fulgt opp i revidert budsjett for 2023. Det blir lagt opp til å støtte forbruk frå og med november 2022, og at stønad vil kunne etterbetalast. Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) og Enova har fått i oppdrag å utforme detaljane i ordninga. Eit forslag til ordning vil sendast på høyring før sommaren og det tas sikte på at ordninga er etablert hausten 2023.
Bakgrunn
Hushaldskundar av nærvarmeanlegg har falle utanfor både straumstønadsordninga og prisregulering av fjernvarme.
Mange nærvarmeanlegg er elkjel- eller varmepumpebaserte, og brukar straum som innsatsfaktor i varmeproduksjon. Produksjon av varme ved hjelp av varmepumpe er betydeleg meir energieffektivt enn elektrisk oppvarming med panelovnar, og bidrar til å redusere straumforbruket og avlaste straumnettet.