Ny stortingsmelding:

Sterkare førebygging av flaum og skred

Flaum og skred kan ha store konsekvensar, og fleire enn 300 000 menneske bur i område som er utsette for flaum og skred. Regjeringa vil auke tryggleiken for folk, og legg i dag fram ei stortingsmelding med tiltak for ulike delar av samfunnet.

Biletet viser ei fjellside der det er gått eit stort ras. På biletet ser ein at raset har sperra av ein veg som går inn til bustader.
Biletet er av eit jordras i Oldedalen i Stryn, frå november 2013. Foto: Jan Helge Aalbu, Statens vegvesen.

Tiltaka i meldinga er knytte både til område der folk bur og til landbruk, samferdsel og annan infrastruktur. Førebygging omfattar både fysiske sikringstiltak og tiltak som kartlegging, arealplanlegging, overvaking og varsling.

 – Styrkt førebygging vil kunne spare samfunnet for store kostnader. Noregs vassdrags- og energidirektorat gir bistand til kommunane i dette viktige arbeidet. For å lette byrda for kommunane, vil den kommunale finansieringsdelen for sikring bli redusert frå 20 til 10 prosent, seier energiminister Terje Aasland.

Vasskraftmagasin i regulerte vassdrag kan ha ein betydeleg flaumdempande effekt. Vasskraftregulantane har eit viktig samfunnsansvar, og bidrar til å redusere skadane i flaumsituasjonar.

– Vi ser at vasskraftregulering mange stader er viktig for å dempe flaum. Dette såg vi mellom anna under ekstremvêret Hans. Regjeringa vil framover legge meir vekt på flaumdemping i behandlinga av ny vasskraft, seier Aasland.

Kommunane har eit grunnleggande ansvar for å trygge befolkninga, og har også ansvar for arealplanlegging, beredskap og krisehandtering knytt til naturfarar. I tillegg har dei ei viktig rolle i gjennomføring av sikringstiltak. Med mange aktørar og eit omfattande regelverk innan naturfare er det viktig at forvaltninga er samordna og samarbeider effektivt.

– Mykje av det viktigaste beredskapsarbeidet blir gjort lokalt, og difor skal vi sørge for betre planverktøy slik at kommunane kan gjere gode beredskapsvurderingar i si planlegging. Vi vil arbeide for at staten skal bli meir samkøyrd i møtet med kommunane. Då får vi brukt mest mogleg av tida og ressursane til faktisk å sikre folks tryggleik, seier kommunal- og distriktsminister Erling Sande.
 

Dei viktigaste forslaga i stortingsmeldinga:


Styrkt førebygging

  • Regjeringa vil styrke arbeidet med førebygging for å auke tryggleiken for innbyggarane. Førebygging omfattar både sikringstiltak og tiltak knytte til kartlegging, arealplanlegging, overvaking og varsling. Beredskapen og krisehandteringa må òg styrkast.

Styrkt sikring og redusert kommunal finansieringsdel

  • NVE sine ordningar for flaum- og skredsikring krev lokal medfinansiering. For å lette byrda for kommunar foreslår regjeringa mellom anna at distriktsdelen for ordinære sikringstiltak blir redusert frå normalt 20 til 10 prosent, med ei øvre grense for distriktsdelen på 40 millionar kroner per tiltak.

  • Regjeringa vil òg vurdere nærmare korleis ein kan legge betre til rette for ei kostnadseffektiv gjennomføring av store, samfunnsøkonomiske lønnsame sikringsprosjekt, som kan ha avgjerande betydning for utviklinga av lokalsamfunn og større tettstadar.

  • Regjeringa vil auke kunnskapen om effekten av og kostnadene ved naturbaserte løysingar for overvatn, flaum og skred. God forvaltning av skog som reduserer naturfare er eit viktig naturbasert tiltak. Regjeringa vil derfor greie ut ein forvaltningsmodell for skog som vernar mot naturskadar.

Kommunane sitt ansvar når det gjeld sikring

Kommunane har eit grunnleggande ansvar for å trygge innbyggarane sine og har også ansvar for beredskap og krisehandtering knytt til naturfarar.

  • Regjeringa legg opp til at NVE skal prioritere større sikringsprosjekt. I lys av dette er det naturleg at kommunen tar eit ansvar for at andre samfunnsøkonomisk lønsame sikringstiltak for eksisterande busetnad blir gjennomført, så langt det ikkje er urimeleg kostnadskrevjande for kommunen.

Betre oversikt over risiko og prioritering av tiltak

  • Eit viktig, overordna prinsipp i flaum- og skredpolitikken er at førebyggande tiltak skal prioriterast ut frå samfunnsøkonomisk lønnsemd. Tiltak som blir sette i verk, skal ha større nytte enn kostnader, og tiltaka med størst nytte i forhold til kostnadene skal setjast i verk først.

  • Betre oversikt over risikobiletet, i tillegg til oppdatert kunnskap om effekten av og kostnadene ved ulike typar førebyggande tiltak, vil legge til rette for meir treffsikker prioritering av samfunnsressursane. Regjeringa vil arbeide med å etablere eit samla nasjonalt risikobilete som skal danne grunnlaget for systematisk handtering av flaum- og skredrisiko.

Styrkt statleg samordning og rettleiing

  • Med mange aktørar og eit omfattande regelverk innan naturfare er det viktig at forvaltninga er samordna og samarbeider effektivt. Særleg for kommunane kan det vere krevjande å møte ein sektorinndelt stat. Kommunane har ulik risiko knytt til naturfarar og varierande kapasitet og kompetanse for å handtere han. Dei vil derfor ha ulike behov for bistand frå staten. Regjeringa vil arbeide for betre og meir samordna statleg rettleiing, særleg retta mot kommunane.

  • Regjeringa foreslår fleire tiltak for å styrke koordineringa mellom sektorane, mellom anna når det gjeld kartlegging og formidling av kunnskapsgrunnlag, rettleiingar for fareutgreiing og arealplanlegging, og planar for sikringstiltak og beredskapsplanlegging.

Meir og betre kartlegging

  • Å kartlegge kva område som er utsette for flaum og skred, og moglege konsekvensar av hendingar, er avgjerande for å kunne jobbe systematisk med risikoreduserande tiltak som arealplanlegging, sikringstiltak, overvaking, varsling og beredskap. Regjeringa vil styrke kartlegginga som del av det langsiktige arbeidet med å førebygge flaum- og skredskadar. Betre kart vil òg redusere behovet for utgreiing og dokumentasjon ved planlegging av ny utbygging.

  • Regjeringa ønsker at viktig informasjon som fareutgreiingar og grunnundersøkingar skal samlast og gjerast tilgjengelege for alle gjennom ei obligatorisk innmeldingsordning. Kommunal- og distriktsdepartementet har lagt fram eit lovforslag om ei slik innmeldingsordning våren 2024, jf. Prop. 90 L (2023–2024).

  • Systematisk innsamling av skadedata ved hendingar vil bidra til stadig betre oversikt over risikobiletet og gjere det mogleg å følge skadeutviklinga over tid. Regjeringa vil derfor greie ut eit fast system for rapportering av skadekostnader og andre konsekvensar av flaum- og skredhendingar.

Betre arealplanlegging

  • Gjennom god arealplanlegging kan ein styre ny utbygging vekk frå område som er utsette for naturfare. For å sikre god handtering av naturfarar i arealplanlegginga ser regjeringa behov for å tydeleggjere og styrke dei eksisterande planverktøya. Å bruke eit oppdatert kunnskapsgrunnlag i arealplanar er viktig for å unngå å bygge seg inn i område som er utsette for naturfarar.

  • Regjeringa har starta arbeidet med å gjennomgå krava til tryggleik mot naturfarar i byggteknisk forskrift. Å ta omsyn til framtidige klimaendringar i arealplanlegginga er avgjerande for å redusere konsekvensane av flaum og skred. For å møte utfordringane vil regjeringa vurdere å tillate at andre tiltak enn permanente, fysiske sikringstiltak kan oppfylle tryggleikskrava i byggteknisk forskrift.

Vidareutvikle varslingstenestene

  • Sjølv der det blir sikra mot naturfare, vil det alltid vere ein restrisiko. Overvaking og varsling er derfor viktig for at ein skal kunne handtere hendingane når dei kjem. NVE sine nasjonale varslingstenester for flaum og skred er i hovudsak regionale varsel. Desse tenestene skal vidareutviklast for å møte behova til brukarane best mogleg.

  • Meir presise varsel, som i større grad er risikobaserte og tar omsyn til konsekvensane som kan oppstå, vil gi mottakarane eit betre grunnlag for å ta avgjerder knytte til flaum- og skredfare. Regjeringa vil at risikobasert varsling av naturfare skal takast i bruk i større grad.

God beredskap og krisehandtering

  • Heilskapleg risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS) er eit sentralt verktøy for å få ei samla oversikt over risikoar og sårbarheiter i kommunane. Regjeringa vil derfor styrke oppfølginga av funn i heilskapleg ROS. Vidare vil regjeringa styrke krava til kunnskapsgrunnlaget som ligg til grunn for gjennomføringa av heilskapleg ROS.

  • Regjeringa vil òg klargjere og styrke samanhengen mellom heilskapleg ROS etter sivilbeskyttelseslova og risiko- og sårbarheitsanalysar etter plan- og bygningslova. Dette vil bidra til å styrke koplinga mellom beredskap og planlegging.

Meir omsyn til at vasskraft gir flaumdemping

  • Vassdragsreguleringar med magasin utjamnar vassføringa i eit vassdrag og kan ha ein betydeleg flaumdempande effekt. Regjeringa vil legge meir vekt på flaumdemping i behandlinga av konsesjonssøknadar om ny vasskraft og vere restriktiv med å innføre magasinrestriksjonar i vilkårsrevisjonar der slike restriksjonar svekker evna til flaumdemping.

  • I verna vassdrag er det eit avgrensa potensial for utbygging som gir vesentleg flaumdemping, men dette bør kunne vurderast i enkelte tilfelle. Der andre flaumdempande tiltak ikkje er tilstrekkeleg, vil regjeringa at kraftutbygging i verna vassdrag skal kunne vurderast dersom det er vesentleg potensial for flaumdemping og verneverdiane ikkje vil bli påverka nemneverdig.

Redusere skadar frå overvatn

  • Klimaframskrivingane viser at episodar med kraftig nedbør vil auke i intensitet og frekvens i alle delar av landet. Ukontrollert overvatn kan forårsake materielle skadar på bygningar og infrastruktur og føre til tap av store verdiar. Overvatn kan òg utgjere fare for liv og helse. Regjeringa vil betre kunnskapsgrunnlaget om avrenning i urbane område. Vidare vil regjeringa vurdere fordelar og ulemper ved å innføre eit eige gebyr for overvatn og undersøke ulike modellar for slike gebyr.

  • For å kunne gjere analysar av flaum og overvatn og planlegge overvasshandtering treng ein god og standardisert informasjon om overvassanlegg, kulvertar, bekkelukkingar og andre kritiske punkt i vassdrag. Regjeringa vil vurdere korleis ei einskapleg registrering av slike anlegg kan gjennomførast.

Samferdsel og annan viktig infrastruktur

  • Regjeringa vil bidra til at transportsystemet skal bli sikrare og meir motstandsdyktig mot ekstremvêr, flaum og skred. Regjeringa vil framover prioritere auka ressursar til vedlikehald og utbetringar for å gjere infrastrukturen meir tilpassa eit framtidig klima.

Tiltak innan landbruket

  • Flaum og ulike typar skred kan forårsake skadar innan landbruket, og vere farlege for både menneske og produksjonsdyr. Menneskeleg aktivitet gjennom terrenginngrep knytte til landbruk kan òg auke risikoen for flaum og skred. Regjeringa vil mellom anna gjennomgå terskelen og kriteria for søknadspliktige planeringstiltak. Vidare vil Landbruks- og matdepartementet tydeleggjere omsynet til naturfare i forskrift om nydyrking.

  • Mange flaumsikringsanlegg ved dyrka mark og anlegg som skal ta unna for vatn (hydrotekniske anlegg), vart etablerte i tidlegare tiår, men er i dag overbelasta, underdimensjonerte eller forelda. Regjeringa vil styrke kartlegginga og vurdere organisering av og eventuell medfinansiering retta mot hydrotekniske anlegg i landbruket.

  • Regjeringa vil vidare vurdere om og korleis staten kan bidra til å rette opp flaumskadar på etablerte flaumsikringsanlegg ved dyrka mark.

Meir forsking og betre formidling

  • Det er eit aukande behov for spesialisert flaum- og skredfagleg kompetanse innanfor ulike sektorar. Regjeringa forventar at utdannings- og forskingssektoren, forvaltninga og private aktørar samarbeider godt for å styrke kompetanseutviklinga på naturfareområdet. Vidare vil regjeringa fremme forsking på naturfare og førebygging av naturskade.

  • For at samfunnet skal kunne dra nytte av kunnskapsutviklinga, er det avgjerande med god kommunikasjon og formidling av ny kunnskap. Regjeringa ønsker at formidlinga frå nasjonalt nivå til lokalt nivå i større grad skal vere brukarorientert og koordinert.