Statsråd Sande si helsing til Sametinget
Tale/innlegg | Dato: 05.03.2024 | Kommunal- og distriktsdepartementet
Av: Kommunal- og distriktsminister Erling Sande (Helsing til Sametinget, 5. mars 2024)
La meg starte med å seie – her frå talarstolen i Sametinget – at no, når eg er i dei tradisjonelle busettingsområda til samane, så vil eg ferdast med varsemd og vyrdnad.
Eg er glad for å få kome hit og få helse Sametingets plenum.
Det er ei spesiell oppleving for meg. Og som statsråd med ansvar for samiske saker, er det ekstra spesielt å få kome hit denne veka, når Sametinget skal handsame rapporten frå Sannings- og forsoningskommisjonen.
Sametingspresident Silje Karine Muotka har beskrive handsaminga av rapporten som den viktigaste saka i Sametinget si historie. Rapporten vil leggje grunnlag for vidare prosessar både på Stortinget, i regjeringa og i heile det norske samfunnet.
Sannings- og forsoningskommisjonen har gjort ei historisk kartlegging av fornorskingspolitikken som har vore ført og etterverknadane denne politikken har hatt – og framleis har. Den har påverka samane som enkeltmenneske og som gruppe, og hatt konsekvensar for dykkar kultur, språk, helse og tradisjonelle næringar.
Regjeringa erkjenner at fornorskingspolitikken fekk alvorlege konsekvensar for samar, kvener/norskfinnar og skogfinnar.
Sannings- og forsoningskommisjonen kjem med forslag til korleis vi som samfunn – både styresmaktene og storsamfunnet – skal reparere skadane og skape forsoning.
Både tidlegare urett og pågåande urett har skapt mistillit til styresmaktene hos mange i den samiske befolkninga. Fosen-saka er ei slik krevjande sak, som er spesielt vanskeleg for dei familiane som har stått i dette over mange år.
Men saka har òg gått ut over samiske barn og unge, som opplevde hets etter demonstrasjonane i Oslo våren og hausten 2023. La meg gjere det heilt klart: Slik hets er heilt uakseptabel, og vi vil ikkje ha det i vårt samfunn.
Regjeringa arbeider no med ein handlingsplan mot hets og diskriminering av samar, som eg håpar vil bidra til eit godt arbeid med forsoning framover.
Vi treng gode demokratiske prosessar mellom styresmaktene og samane for å førebyggje konflikt og bidra til forsoning. Då må vi snakka med kvarandre, og konsultasjonar er eit av dei viktigaste verktøya vi har.
Men vi må konstatere at vi ikkje alltid treff. Dette gjeld ikkje minst i kommunane der samane bur og driv næringsverksemd. Reglane om konsultasjonar er framleis relativt nye for kommunane. Departementet hatt kurs for over 40 kommunar om korleis ein skal gjennomføre konsultasjonar. Eg håper og trur at det vil føre til betre prosessar i lokale saker. Departementet arbeider òg med ein revisjon av rettleiaren for kommunar og fylkeskommunar.
Departementa har òg eigne konsultasjonar. Også her er det nokre prosessar som fungerer betre enn andre. Å sørge for gode prosessar er eit kontinuerleg arbeid. Eg er glad for at vi er i dialog med dykk for å sjå på behovet for å gi nærare reglar om konsultasjonar.
Senterparti-Arbeiderparti-regjeringa har høge ambisjonar for samepolitikken. Nokre døme på det er at:
- Vi har satsa på auka løyvingar til samiske føremål
- Vi vil ha ein ny nasjonal handlingsplan mot samehets
- Vi vil etablere reinhelsetenesta som ei permanent ordning
1. januar trådde dessutan dei nye reglane i språkkapittelet i samelova i kraft. Endringane inneber at forvaltningsområdet blir delt inn i tre ulike kommunekategoriar tilpassa behova og språksituasjonen i dei ulike kommunane.
Med den nye kategorien «språkstimuleringskommune» håper vi at fleire nye kommunar vil søkje seg inn i språkfellesskapet. For det er ikkje tvil om at styrking og revitalisering av dei samiske språka er ein viktig del av arbeidet for å bøte på skadane av fornorskingspolitikken.
Det blir viktig kva Sametinget har å seie om Sannings- og forsoningskommisjonen sin rapport her på plenum, og til den vidare prosessen i Stortinget til hausten.
Som kommisjonen sjølv påpeiker i rapporten sin, så kan ein ikkje vedta forsoning, det krevst ein felles vilje i heile samfunnet. Regjeringa ønskjer å bidra til denne prosessen i lag med dykk.
Takk for meg. Giitu.