Presseinvitasjon: Statsråd Oddmund Hoel presenterer statsbudsjettet for forsking og høgare utdanning i Ålesund
Pressemelding | Dato: 03.10.2024 | Kunnskapsdepartementet
Måndag 7. oktober, same dag som statsbudsjettet blir lagt fram, kjem forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel (Sp) til NTNU i Ålesund. Her besøker han fagskulen i Møre og Romsdal, IT-bedrifta TwoDay og NTNU sin campus. Kl. 13.30 presenterer han statsbudsjettet for forsking og høgare utdanning på NTNU.
Budsjettet for forsking og høgare utdanning.
Sjå sendinga her
Program:
8.30-9.30: Hoel besøker fagskulen i Møre og Romsdal. Her treff han studentar og tilsette og får sjå nærmare på verkstader og utstyr.
Adresse: Norsk Maritimt Kompetansesenter, Borgundvegen 340
10.45-11.45: Deretter går turen til bedrifta twoday for å snakke om kompetansebehov i IKT-bransjen. Her treff statsråden både erfarne og nyutdanna tilsette og får høyre meir om korleis dei ser på kompetansesituasjonen, og om korleis dei arbeider med digitalisering i regionen.
Adresse: twoday, Postvegen 17
12-13.15: Statsråden får omvisning på NTNU Ålesund. Tema er mellom anna betydninga deira for Noreg sin maritime beredskap. Han møter studentar og tilsette – og får prøve å styre eit skip med simulator.
Adresse: Norsk Maritimt Kompetansesenter, Borgundvegen 340
13.30-14.30: Hoel legg fram statsbudsjettet for forsking og høgare utdanning. Deretter er det tid for individuelle intervju. Presentasjonen blir strøymd på nett.
Adresse: NTNU Ålesund, Sundebygget, Fogd greves veg 9
Pressa er velkomen til alle delane av programmet. Journalistar som ønsker å delta kan kontakte kommunikasjonssjef Anders Lundell (Tlf: 900 49 636, e-post: anders.lundell@kd.dep.no)