Sendingen starter klokken 12.25

Statsråd Karianne Tung legg fram ny ekomlov

Digitaliserings- og forvaltningsminister Karianne Tung (Ap) legg fram eit forslag til ny lov om elektronisk kommunikasjon (ekomloven) fredag 12. april ved NTNU i Trondheim.

Nett-tv Statsråd Karianne Tung legg fram ny ekomlov

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her

Presse er velkommen til å delta. 

Då dagens lov blei vedteke i 2003 hadde berre halvparten av befolkninga tilgang til internett heime, og smarttelefonar var knapt å oppdrive. No er smarttelefon og datateknologi kvardagen for dei fleste av oss. Forslag til ny lov, som Tung vil presentere, er modernisert slik at den er tilpassa ein kvardag der god og sikker tilgang på internett, mobilnett og digitale tenester er sjølvsagt.

Program:

Kl. 12.15: Dørene opnar

Ca kl. 12.25: Rektor Tor Grande og instituttleiar ved institutt for elektroniske system Thomas Tybell ønskjer velkommen til NTNU.

Kl. 12.30: Statsråd Karianne Tung presenterer forslag til ny ekomlov

Kl. 12.45: Omvising på institutt for elektroniske system og prat med studentar som viser fram ulike prosjekt.

Kl. 13.00: Intervjutid

Stad: NTNU Trondheim, Elektrobygget, Koopen, O.S Bragstads plass 2E

Presse som ønskjer å delta kan melde seg på til presse@dfd.dep.no

Pressekontakt:

Kjersti Bjørgo, kommunikasjonssjef i Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet. Tlf: 971 64 835

presse@dfd.dep.no Pressetelefon: +47 22 24 20 00