Statsministeren takka Natos generalsekretær for innsatsen
Nyheit | Dato: 06.09.2024 | Statsministerens kontor
– Jens Stoltenberg har leia Nato på ein trygg og god måte gjennom ti turbulente år. På vegne av det norske folk og regjeringa ønskjer eg å takke han for hans viktige og gode leiarskap, seier statsminister Jonas Gahr Støre.
Jens Stoltenberg er i Noreg på sitt siste besøk som Natos generalsekretær, og har i samband med det deltatt på ein middag og eit møte i statsministerbustaden. I møtet med statsministeren var tema mellom anna utviklinga av Nato og framleis støtte til Ukraina.
– Russlands brutale angrepskrig mot Ukraina var eit tidsskilje for Europa. Allierte har vore tydeleg i si støtte til Ukraina og står framleis samla i denne støtta. Jens Stoltenberg har vore ein viktig pådrivar for mykje av denne innsatsen, seier Støre.
– Under Stoltenbergs leiarskap har alliansen styrka fokus på kollektivt forsvar av medlemslanda. No brukar 23 av 32 allierte over to prosent av bruttonasjonalprodukt på forsvar. Noreg er eit av dei, seier statsministeren.
Jens Stoltenberg har vore generalsekretær i Nato i ti år. Nederlandske Mark Rutte tek over som Natos generalsekretær 1. oktober i år.
– Eg ser fram til samarbeidet med den nye generalsekretæren i Nato. Eg har samarbeida nært med Rutte og er trygg på at han vil halde fram Stoltenbergs arbeid for å sikre alliert samhald og styrke Natos evne til forsvar for medlemslanda, seier statsministeren.
Statsministeren møter Natos generalsekretær
Sjå sendinga her