Statsministeren deltek på nordisk-baltisk statsministermøte i Harpsund

Stad: Harpsund i Sverige

Statsminister Jonas Gahr Støre deltek på nordisk-baltisk statsministermøte i Harpsund i Sverige. Polens statsminister Donald Tusk vil også delta.

Tema for møtet vil vere transatlantiske relasjonar, regional sikkerheit i Østersjøregionen, og langsiktig støtte til Ukraina. Sjå fleire detaljar og informasjon om akkreditering i pressemelding frå Statsrådsberedningen i Sverige. Fristen for akkreditering er 18. november.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, telefon 97 53 09 48, e-post ano@smk.dep.no.