Statskog inngår avtale om dronebasert hogst
Nyheit | Dato: 29.08.2024 | Landbruks- og matdepartementet
Statskog vil modernisera norsk skognæring og inngår no ein avtale med ein svensk utviklar på jakt etter berekraftige løysingar.
– Me er heile tida på jakt etter forbetringar, både for å styrka vår eiga skogdrift og for å bidra med å utvikla heile den norske skognæringa. Dronebasert hogst er utruleg spennande og kan bidra med gode løysingar på utfordringar som skognæringa står i, seier administrerande direktør Gunnar Lien i Statskog.
Det svenske selskapet Air Forestry driv i skjeringspunktet mellom hi-tech, kunstig intelligens, aggregat og batteritilhengarar.
- Les meir om dronebasert hogst hjå Game of drones i norske skoger? | Statskog
– Regjeringa ser på skogen og verdikjedene som bygger på han som heilt sentrale verktøy for å lukkast med dei omstillingane som me står midt oppe i - det grøne skiftet og klimautfordringane, seier landbruks- og matminister Geir Pollestad.
Statskog er den største skogeigaren i Noreg. Gjennom sertifisert og høgteknologisk drift bidreg dei til at norsk skognæring blir ei sterk og viktig brikke i klimaløysinga. Statskog forvaltar om lag 5,5 millionar dekar produktiv skog.