Statsbudsjettet 2025
Vil kutte utsleppa frå tungtransporten
Pressemelding | Dato: 07.10.2024 | Samferdselsdepartementet, Klima- og miljødepartementet
Regjeringa foreslår å styrkje Enova sitt arbeid med tungtransport med 1,2 milliardar kroner.
– Tunge kjøretøy som lastebilar og bussar står for ein stor del av Noregs klimagassutslepp. Løyvinga me no foreslår vil vi få fart på omstillinga av tungtransporten, seier klima- og miljøminister Tore O. Sandvik.
I statsbudsjettet for 2025 foreslår regjeringa å løyve 1,2 milliardar kroner til Enova sitt arbeid med tungtransport.
I tillegg til midlane til Enova, vil regjeringa leggje til rette for lading av tunge bilar på døgnkvile- og rasteplassar. Dette er i tråd med Nasjonal transportplan 2025–2036 og ladestrategien. For regjeringa er det viktig å følgje opp satsinga allereie første budsjettår etter at ny Nasjonal transportplan er lagt fram.
– Avkarbonsering av tungbilparken er eit av dei viktigaste tiltaka for å kutta klimagassutslepp i ikkje-kvotepliktig sektor. For at fleire skal bytta fossilkøyretøyet med eit nullutsleppskøyretøy, må me leggja til rette for at overgangen skal bli så enkel og god som mogleg. Derfor er det viktig for regjeringa at pengane går til tiltak som gjer det enkelt for sjåførane å både kvila og lada samstundes, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.
Regjeringa legg til rette for at satsinga skal vera føreseieleg. Derfor skal både sakte- og hurtiglading ta omsyn til at sjåføren ikkje kan flytta bilen under pause og kvile.
Statens vegvesen prioriterer kva tiltak som skal starta opp og vil vurdera dette løpande i 2025.