Statsbudsjettet 2025
Regjeringa vil etablere Noreg som testarena for null- og lågutsleppsluftfart
Pressemelding | Dato: 07.10.2024 | Samferdselsdepartementet
– Regjeringa vil legge til rette for ein grønare luftfart og samstundes vidareutvikle eit tilgjengeleg og effektivt flyrutetilbod i heile landet. For å framskunde den grøne omstillinga i luftfarten, foreslår vi å løyve til saman 50 millionar kroner for å etablere Noreg som testarena for null- og lågutsleppsfly, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.
Pengane blir fordelt med 9,2 millionar kroner til Luftfartstilsynet og 40,8 millionar kroner til Avinor. Løyvingane er ei direkte oppfølging av prioriteringane i Nasjonal transportplan 2025-2036. I meldinga har regjeringa prioritert 1 milliard kroner i 12-årsperioden til ei framskynda omstilling til null- og lågutsleppsluftart i Noreg over heile perioden.
– Luftfarten må gjennom ei utfordrande og omfattande omstilling for å utvikle seg i tråd med nasjonale og internasjonale klimamål. Med forslaget om å løyve 50 millionar kroner i 2025 bidrar Noreg i arbeidet med å redusere barrierar for testing og demonstrasjon, og til å sette fart på omstillinga til ein grønare luftfart, seier Nygård.