Statsbudsjettet 2025
Fellesprosjektet Arna–Stanghelle – startar det største samferdselsprosjektet i nyare tid
Pressemelding | Dato: 07.10.2024 | Samferdselsdepartementet
– Strekninga Arna-Stanghelle er utsett for ulykker og ras. No blir det endeleg ny E16 og Vossebane. Med budsjettforslaget sikrar vi prosjektstart i 2025. Felles utbygging av veg og jernbane mellom Arna og Stanghelle vil vere det største samferdselsprosjektet som er sette i gang i nyare tid i Noreg, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.
Fellesprosjektet Arna–Stanghelle i kommunane Bergen og Vaksdal i Vestland er eit av få store utbyggingsprosjekt som er prioritert med anleggsstart i første seksårsperiode av Nasjonal transportplan 2025–2036.
– Dagens veg og jernbane ber preg av låg standard, rasutsette område og trafikkulykker. Det er ikkje tvil om at både folk og næringsliv har behov for ny infrastruktur. Ny veg og jernbane mellom Arna og Stanghelle skal vere trygg og driftssikker, redusere reisetida og auke transportkapasiteten. Vi vil jobbe for raskast mogleg oppstart, og er opptatt av at fellesprosjektet Arna–Stanghelle skal få det som er nødvendig av pengar i 2025, seier samferdselsministeren.
Prosjektstart i 2025
Før prosjektet kan starte for fullt, må Stortinget gjere vedtak om kostnadsramme og bompengeopplegg. Med budsjettforslaget for 2025 legg regjeringa til rette for at det vil skje neste år.
– Vi rekner med å leggje fram saken for Stortinget til våren. Samtidig arbeider vi med å kunne lyse ut prosjektet raskt i marknaden og anskaffe kontrakt for berg- og skredsikring, slik at dette arbeidet kan starte i 2025, seier Nygård.
Eit megaprosjekt
Bygginga av ny E16 og Vossebane på den 30 km lange strekninga Arna–Stanghelle er eit fellesprosjekt mellom Statens vegvesen og Bane NOR.
Med nesten 80 kilometer veg- og jernbanetunnelar blir Arna–Stanghelle Noregs største tunnelprosjekt. Det blir firefelts veg mellom Arna og Trengereid, og tofelts veg vidare mot Stanghelle. På den nye jernbanen blir det dobbeltspor på heile strekninga.
– Med ein forventa kostnad på nesten 40 milliardar kroner og antatt ferdigstilling i 2036 er Arna–Stanghelle det største samferdselsprosjektet i nyare tid her til lands, større enn megaprosjekta Follobanen på Østlandet og E39 Rogfast på Sør-Vestlandet. Men vi skal ikkje byggje Arna–Stanghelle fordi det er størst, vi byggjer fordi det er nødvendig, seier Nygård.