Stadig fleire tek fagskuleutdanning
Pressemelding | Dato: 13.06.2024 | Kunnskapsdepartementet
I 2023 var det nær 31 400 studentar i fagskulane i Noreg, og talet på studentar er dobla sidan 2017. Det viser Tilstandsrapporten for høgare yrkesfagleg utdanning som blir lagd fram i dag.
— Denne regjeringa satsar på fagskulane, og vi ser no at det blir stadig fleire fagskulestudentar i Noreg. Det er veldig bra. Dette er utdanningar som let seg kombinere med jobb og som er etterspurde i arbeidslivet. Derfor har vi til no bidrege med 1000 nye studieplassar, slik at fagskulesektoren kan halde fram med å vekse, seier forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel (Sp).
Tilstandsrapporten for høgare yrkesfagleg utdanning viser utviklinga i fagskulesektoren:
- Hausten 2023 var det totalt 389 ulike utdanningstilbod ved fagskulane, og 31 380 studentar. Det er 3 408 fleire studentar enn i 2022.
- Dei mest populære fagområda er tekniske fag med 13 306 studentar, og helse- og velferdsfag med 7 596 studentar.
- Studentane ved fagskulane har samla sett vorte eldre, og har no ein snittalder på 33 år. Sidan 2017 har snittalderen auka med 2 år.
Meir nettbasert utdanning
Studentane ved fagskulane er i stor grad etablerte arbeidstakarar med lang arbeidserfaring som studerer ved sida av jobb. 60 prosent følgde nett- eller samlingsbaserte utdanningar ved fagskulane i 2023. Over 70 prosent er deltidsstudentar, men det er store forskjellar mellom dei ulike fagområda. Fleire utdanningar blir tilbodne som kortare løp tilpassa folk i arbeid.
— Fagskolestudentar er ofte eldre og meir etablerte enn tradisjonelle søkarar til høgskule eller universitet. Det gjer at fleksibilitet og moglegheita til å kombinere utdanninga med jobb og familieliv blir ekstra viktig. At om lag kvar tredje student studerer heilt nettbasert, tyder på at vi lykkast med målet om tilgjengelege utdanningstilbod som er lausrivne frå geografi, seier Sveinung Skule, direktør i Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Ny melding til Stortinget om høgare yrkesfagleg utdanning våren 2025
Regjeringa er i gang med ei ny melding til Stortinget om høgare yrkesfagleg utdanning. Ho skal leggast fram våren 2025. Meldinga skal mellom anna handla om korleis fagskulane kan spela ei endå viktigare rolle i å møte kompetansebehovet i arbeidslivet framover.
— Meldinga vil ta for seg tiltak som styrker tilgang på kompetent arbeidskraft med høgare yrkesfagleg utdanning, og som trekker retninga for fagskulesektoren framover, seier Hoel.
Meldinga baserer seg på nytt kunnskapsgrunnlag, som den årlege Tilstandsrapporten for høgare yrkesfagleg utdanning.
Meir om rapporten
- 60 fagskular, 16 offentlege og 44 private, tilbyr utdanning på 175 lærestadar i 2023.
- Trenden viser færre små, og fleire store fagskular. Sidan 2017 har talet på fagskular med 100 studentar eller færre gått ned, medan fagskular med over 1000 studentar har auka.
- Det er Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) som står bak rapporten, på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet.