Spelemidlar til kulturformål 2024: for fyrste gong over ein milliard kroner
Pressemelding | Nr: 18/24 | Dato: 03.05.2024 | Kultur- og likestillingsdepartementet
1 047 millionar kroner frå overskotet til Norsk Tipping blir fordelt til kulturformål i heile landet i 2024.
– Vi satsar på barn og unge i fordelinga av spelemidlane. Vi ønsker at alle barn og unge skal finne fritidsaktivitetar dei likar og ha moglegheit til å delta. Eg er glad for at regjeringa bidreg til dette, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery.
Regjeringa har nyleg lagt fram Alle inkludert! ein handlingsplan for å delta i kultur-, idretts- og friluftslivsaktiviteter og legg snart fram ein strategi for leselyst. Strategiane speler inn på fordelinga av spelemidlane.
Nokre av satsingane i årets fordeling:
- 20 millionar kroner meir til Den kulturelle skolesekken
- 20 millionar kroner meir til Frifond-ordningane
- 15 millionar kroner til leselyst og litteratur
- nær 9 millionar kroner meir til Kulturrom (teknisk utstyr og lokale)
- over 5 millionar kroner meir til nasjonale musikkorganisasjonar
- 3,5 millionar kroner meir til tilskotsordning for korps og orkester
- 2,7 millionar kroner meir til arkivtiltak
- 1,5 millionar kroner meir til museumstiltak (faglege nettverk)
Totalt går 7,1 milliardar kroner frå overskotet til Norsk Tipping til idrett, kultur og frivilligheit.
I 2024 blir det fordelt 1 047 millionar kroner til kulturformål frå overskotet til Norsk Tipping. Dette er ein auke på 81 millionar kroner frå i fjor:
Tiltak – kulturformål |
Fordeling 2024 (kroner) |
Den kulturelle skolesekken |
350 000 000 |
Frifond |
210 000 000 |
Regionale kulturbygg – desentralisert ordning |
86 250 000 |
Kulturrom |
65 000 000 |
Bibliotektiltak |
54 700 000 |
Nasjonale musikkorganisasjonar |
32 100 000 |
Amatørteatertiltak |
31 600 000 |
Museumstiltak |
27 250 000 |
Instrumentfondet |
20 000 000 |
Leselyststrategi og litteratur |
15 300 000 |
Tilskot til barne- og ungdomstiltak |
15 265 000 |
Arkivtiltak |
15 000 000 |
UKM – Ung Kultur Møtes |
14 350 000 |
Ungdom og Fritid |
13 800 000 |
Inkludering i kulturliv |
13 000 000 |
Aktivitetsmidlar for kor |
12 700 000 |
Scenekunsttiltak |
10 000 000 |
Tilskotsordning for korps og orkester |
10 000 000 |
Folkeakademienes Landsforbund |
9 370 000 |
Krafttak for sang |
8 610 000 |
Kulturstøtta |
4 280 000 |
Ordningar for kordirigentar |
3 450 000 |
Norske kirkeakademier |
2 300 000 |
Tiltak ism. kulturfrivilligheitsstrategi |
1 500 000 |
Midlar til fordeling seinare i 2024 |
21 258 000 |
Totalt |
1 047 083 000 |