Søknader om løyve til lagring av CO2 i Nordsjøen

Energidepartementet har fått søknader frå seks selskap i samband med utlysinga av tre område i Nordsjøen knytta til lagring av CO2 på norsk kontinentalsokkel.

– Det er gledeleg at me opplever en stor kommersiell interesse for CO2-lagring på sokkelen. Tilgang på mogleg lagringsareal er ein føresetnad for at norske aktørar kan tilby storskala, kommersiell CO2-lagring for utsleppskjelder i Europa. Det er viktig for regjeringa å leggje til rette for at lønnsam CO2-lagring både kan bli ei ny næring her heime og samtidig hjelpe Europa med å nå klimamåla sine, seier energiminister Terje Aasland.

Departementet legg til rette for ei rask og effektiv tildeling av lagringsløyve der aktørar som ønskjer eit løyve kan søkje så fort dei meiner dei har eit tilstrekkeleg godt søknadsgrunnlag. Søknader som kjem inn blir vurdert fortløpande. Dersom søknadene er gode nok blir det området staten vurderer som aktuelt å kunne tildele, utlyst med ein passande søknadsfrist.

Basert på ein slik prosess lyste departementet ut tre område i Nordsjøen 6. juni 2024. Då søknadsfristen gjekk ut 29. august hadde departementet fått søknader frå seks selskap.

Departementet vil no behandle dei innkomne søknadene.

Selskap som har søkt:

Aker BP ASA

Equinor Low Carbon Solution AS

Harbour Energy Norge AS

Horisont Energi AS

Storegga Norge AS

TotalEnergies EP Norge AS

Bakgrunn

Verksemd retta mot undersøking og leiting etter undersjøiske reservoar for lagring av CO2, og dessutan utnytting, transport og lagring av CO2 i slike reservoar på norsk kontinentalsokkel, er regulert i lagringsforskrifta (forskrift 5. desember 2014 nr. 1517).

Alle som skal drive slik lagringsverksemd treng eit løyve etter forskrifta. I tillegg har Havindustritilsynet i 2020 fastsett ei forskrift om tryggleik og arbeidsmiljø ved transport og lagring av CO2 på kontinentalsokkelen.

Norske styresmakter vil leggje til rette for samfunnsøkonomisk lønnsam lagring av CO2 på norsk sokkel på kommersielle vilkår. Selskap som har den nødvendige kompetansen og som har konkrete, industrielle planar som medfører eit lagringsbehov på kommersielt grunnlag kan søkje Energidepartementet om eit løyve tilpassa behovet for verksemda. Område som er aktuelle for tildeling vil bli lyste ut mellom anna for å sikre konkurranse.

I tråd med lagringsforskrifta forventar departementet normalt å tildele eit leiteløyve før tildeling av eit utnyttingsløyve i eit aktuelt område. Leiteløyve kan tildelast til eitt eller fleire kompetente selskap. Dersom eit løyve blir tildelt fleire selskap, vil departementet som hovudregel peike ut eitt av selskapa som operatør.

Tildeling av leiteløyve vil normalt gjerast med eit arbeidsprogram med éin forpliktande fase og påfølgjande fasar med vilkår om avgjerdspunkt for vidareføring eller tilbakelevering av arealet til staten. Tilbakelevering gjer at andre interessentar med lagringsbehov kan søkje om å få tildelt området. Arbeidsprogrammet vil normalt avsluttast med eit krav om at selskapa tek ei investeringsavgjerd om realisering av CO2-lager, og at dei deretter leverer inn plan for utbygging og drift (PUD) for lagringslokaliteten, eller at dei leverer området tilbake.