Sig-Britt Persson og Pekka Sammallahti får Nordisk samisk språkpris – Gollegiella 2024
Pressemelding | Dato: 22.10.2024 | Kommunal- og distriktsdepartementet
Den sørsamiske språkarbeidaren Sig-Britt Persson og språkprofessor Pekka Sammallahti, er tildelt Nordisk samisk språkpris – Gollegiella for 2024, for den verdifulle innsatsen dei har gjort for å fremje samiske språk.
Komiteen har valt å dele prisen mellom to kandidatar for å framheve det grenseoverskridande språkarbeidet, både over riksgrensene, men òg på tvers av dei samiske språka. Prisvinnarane viser fram mange sider av det samiske språkarbeidet.
Sig-Britt Persson blir tildelt Nordisk samisk språkpris – Gollegiella for 2024 for si tydelege stemme og sitt inspirerande arbeid med samiske språk. Persson har arbeidd direkte og indirekte med det sørsamiske språket gjennom heile sitt yrkesliv. Ho har mellom anna arbeidd som omsetjar, rettleiar, journalist og språkkonsulent. Ho blir beskrive som ei eldsjel og ein tryggleik for det samiske samfunnet.
Pekka Sammallahti blir tildelt Nordisk samisk språkpris – Gollegiella for 2024 for sin uvurderlege og langvarige innsats for dei samiske språka. Han har opparbeidd seg kunnskap om språka, som han har delt med andre, både gjennom lærebøker, måten han har gjort skjønnlitteratur tilgjengeleg på, sitt akademiske virke, og gjennom å dele kunnskap på ulike plattformer. Språkservicen han tilbyr, har vore til hjelp for mange i det samiske samfunnet, over fleire generasjonar.
To verdige prisvinnarar
– Det er med stor glede eg gratulerer dei to prisvinnarane. Sig-Britt Persson og Pekka Sammallahti viser fram mange sider av det samiske språkarbeidet – frå det kunstnariske og skjønnlitterære til det akademiske og språkvitskapelege. Begge to har på kvar sin måte, over tid, vore heilt i front i arbeidet med å løfte dei samiske språka, seier kommunal- og distriktsminister Erling Sande (Sp).
Delast ut for ellevte gang
Noreg er i 2024 vertsland for utdeling av Nordisk samisk språkpris – Gollegiella (nordsamisk for «gullspråket»). Prisutdelinga finn stad i samanheng med det nordiske minister- og sametingspresidentmøtet 22. oktober 2024 i Oslo.
Prisbeløpet på 15 000 euro delast mellom dei to vinnarane.
Nordisk samisk språkpris blir i 2024 delt ut for ellevte gang. Språkprisen er oppretta av ministrane i Noreg, Sverige og Finland med ansvar for samiske spørsmål og desse landa sine sametingspresidentar. Prisen overrekkjast kvart anna år til enkeltpersonar, organisasjonar eller institusjonar, som har gjort ein verdifull innsats for å fremje samiske språk.
Bedømmingskomiteen har i 2024 bestått av Helén Storelv-Rabone (leder), Aili Keskitalo, Leena Niittyvuopio-Jämsä, Tauno Ljetoff og Per-Martin Israelsson.
Nordisk møte
Sametingspresidentane og ministrane med ansvar for samiske saker i Finland, Sverige og Noreg har hatt eit fast samarbeid sidan 2000, og møtast kvart anna år for å drøfte og handsame samiske spørsmål av felles interesse. I 2024 står mellom anna teknologi, rekruttering og arbeidet med sanning og forsoning på dagsordenen.