Revidert nasjonalbudsjett
Seks milliardar meir i militær støtte til Ukraina i år
Nyheit | Dato: 14.05.2024 | Forsvarsdepartementet
– Ukraina kan ikkje og skal ikkje stå alene. Russlands angrepskrig er vår største sikkerheitspolitiske utfordring, og dei kan ikkje vinne fram. Derfor må Vesten og Noreg trappe opp støtta til Ukraina. Vi må bidra til å levere på dei enorme og akutte behova ukrainarane har, seier forsvarsminister Bjørn Arild Gram (Sp).
I revidert nasjonalbudsjett foreslår regjeringa å auke løyvinga til militær støtte for Ukraina med 6 milliardar kroner. Verdien av den militære støtta i Nansen-programmet i 2024 vil dermed auke frå 7,5 milliardar kroner til 13,5 milliardar kroner.
– Ukraina må raskt få meir våpen og ammunisjon. Denne aukinga er eit tydeleg signal til Ukraina og til verdssamfunnet om at Noreg står ved Ukrainas side, seier Gram.
Meir luftvern til Ukraina
Midlane vil mellom anna gå til å styrke Ukraina sitt luftvern.
– Ukraina har eit akutt behov for meir luftvern, og regjeringa vil bidra med inntil 4 milliardar kroner til tiltak som kan gjere at Ukraina raskt får tilgang til meir luftvern. Dette vil bidra til å forsvare sivilbefolkning, kritisk infrastruktur og militære avdelingar ved frontlinja mot Russlands vedvarande angrep med fly, missil og dronar, seier Gram.
Ein sentral del av støtta vil vere å bidra saman med allierte til ein tysk-leda fleirnasjonal satsing for rask donasjon av avanserte system for luftvern.
Aukar produksjonskapasiteten
Rundt ein milliard kroner er foreslått til auka produksjonskapasitet i forsvarsindustrien.
– For at Noreg og andre allierte nasjonar skal kunne fortsette å støtte Ukraina må produksjonskapasiteten aukast, også i Noreg. For å sikre ein rask oppskalering av produksjonskapasiteten til forsvarsindustrien bidrar regjeringa til auka kapasitet for produksjonen av artilleriammunisjon, avansert sprengstoff, rakettmotorar og missil, seier Gram.
Regjeringens forslag om økning i revidert nasjonalbudsjett er en del av regjeringens planlagte tiltak for å øke produksjonskapasiteten i Norge.
Regjeringa har i tillegg påskunda ytterlegare ein milliard kroner for å auke handlingsrommet for nye tiltak til militær støtte til Ukraina i 2024. Dette sest i samanheng med regjeringa sine store forpliktingar til Ukraina i 2024, mellom anna tilskotet til det tsjekkiske initiativet på om lag 1,6 milliardar kroner.
Om Nansen-programmet
Endringa skjer som ein påskunding av midlar frå seinare år i Nansen-programmet. Det femårige Nansen-programmet blei fremma for Stortinget av regjeringa i februar 2023. Alle partia på Stortinget støtter Nansen-programmet. Med forslag til auking av løyving i revidert nasjonalbudsjett 2024 følger regjeringa opp Stortingets vedtak til Meld. St. 8 (2023-2024) om å påskunde midlar i Nansen-programmet gjennom revidert nasjonalbudsjett.