Statsbudsjettet 2024

Satsar på film og dataspel

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Regjeringa foreslår å styrke satsinga på film og dataspel med 40 millionar kroner i statsbudsjettet for 2024. I tillegg vil regjeringa auke ramma til insentivordninga for film med 30 millionar kroner.

– Film er kanskje det kulturtilbodet flest har eit forhold til. Med denne satsinga støttar vi opp under at historiene som blir fortalde speglar heile samfunnet og alle deler av Noreg. Vi bidreg til at fleire får tilgang til å sjå filmar på det store lerretet og at fleire produksjonar nyttar Noreg som innspelingsland, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery.

Film

Regjeringa foreslår å auke tilskota til regionale filmverksemder med 30 millionar kroner og har fastsett nye prinsipp for den regionale filmpolitikken. Dei nye prinsippa skal bidra til å styrke uavhengigheita til dei regionale filmverksemdene og til livskraftige filmmiljø i heile landet.

– Med dette gir vi regionale filmverksemder ein auke og meir fridom til å støtte filmproduksjon og utvikle ein sterkare bransje regionalt, seier Jaffery.

I tillegg foreslår regjeringa å auke tilskota til Bygdekinoen og Internasjonalt Samisk Filminstitutt (ISFI). Auken til Bygdekinoen er på 4 millionar kroner, der 3 millionar er eit eingongstilskot. Auken skal mellom anna bidra til eit betre kinotilbod i Finnmark. Auken til ISFI på 800 000 kroner skal bidra til å styrke samisk film, språk og filmkultur.

Samstundes foreslår regjeringa å utvide tilsegnsfullmakta for filminsentivordninga frå 100 millionar kroner til 130 millionar kroner. Utvidinga vil sikre at fleire filmar og seriar blir produserte i Noreg. Regjeringa foreslår vidare ein auke i tilskotet til Den nasjonale filmkommisjonen på 1,2 millionar kroner til om lag 4,5 millionar kroner. Det vil auke moglegheitene for utanlandske filmproduksjonar i Noreg.

Dataspel

Regjeringa jobbar med ein ny strategi for dataspelpolitikken og foreslår å auke løyvinga til dataspel med 10 millionar kroner. 7,5 millionar kroner skal styrke ordningar for utvikling og lansering av norske dataspel i Filmfondet, medan 2,5 millionar skal bidra til å betre kunnskap og kompetanse om dataspelkultur.

– Dataspel kombinerer ulike kunstformer og kulturuttrykk, og står i spydspissen for digital utvikling. Det å spille dataspel stimulerer kreativitet, samarbeid, læring og strategiske evner.  Med denne satsinga vil vi bidra til å styrke det norske dataspeltilbodet og skape ein meir tilgjengeleg, trygg og inkluderande dataspelkultur, seier Jaffery.