Samarbeidsministeren deltek på Nordisk råds sesjon
Pressemelding | Dato: 22.10.2024 | Utanriksdepartementet
Nordisk samarbeidsminister Anne Beathe Kristiansen Tvinnereim deltek på Nordisk råds sesjon i Reykjavik 29.-30. oktober.
Under sesjonen samlast dei 87 parlamentarikarane i Nordisk råd, dei nordiske statsministrane, og ei rekkje andre ministrar frå heile Norden.
Det er dei nordiske samarbeidsministrane som koordinerer arbeidet i Nordisk ministerråd. Det er utviklingsminister Anne Beathe Kristiansen Tvinnereim som er nordisk samarbeidsminister i Noreg.
Tema for årets sesjon er fred og tryggleik i Arktis.
Under sesjonen er det òg utdeling av Nordisk råds barne- og ungdomslitteraturpris, filmpris, litteraturpris, musikkpris og miljøpris.
Det er planlagt fleire pressekonferansar under sesjonen. Akkrediteringsfrist er 25. oktober. For meir informasjon og akkreditering, sjå nettsida til Nordisk råd.
Fakta om Nordisk ministerråd
Nordisk ministerråd er det offisielle samarbeidsorganet til dei nordiske regjeringane. Medlemmene i Nordisk ministerråd er dei fem nordiske landa Danmark, Finland, Island, Noreg og Sverige. I tillegg er Færøyane, Grønland og Åland representert.
Dei nordiske parlamenta samarbeider gjennom Nordisk råd, medan regjeringane samarbeider gjennom Nordisk ministerråd. Nordisk råd og Nordisk ministerråd har sekretariat i København.
Pressekontakt: Mathias Rongved, mathias.rongved@mfa.no