Statsbudsjettet 2025
RidduDuottarMuseat i Karasjok
Pressemelding | Nr: 50/24 | Dato: 07.10.2024 | Kultur- og likestillingsdepartementet
Regjeringa foreslår 10 millionar kroner til forprosjektet for nybygg for det samiske museet RiddoDuottarMuseat i Karasjok i 2025.
– Nybygget for RiddoDuottarMuseat er eit prioritert prosjekt for regjeringa, og ein viktig del av det samiske kulturløftet. Vi må sikre at samlingane som blir forvalta av museet kan bli tatt godt vare på og at kunsten endeleg kan stillast ut for publikum. Det er viktig å sikre god framdrift i prosjektet, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery.
Det samiske museet RiddoDuottarMuseat i Karasjok forvaltar ei betydeleg samisk kunstsamling og har behov for nye lokale for å kunne vise den fram for publikum.
Dei må også vere godt rusta til å kunne ta imot og ta vare på dei samiske gjenstandane som skal tilbakeførast frå museum i Oslo til RiddoDuottarMuseat gjennom Bååstede-avtalen.
Arbeidet med forprosjektet for nybygg for RiddoDuottarMuseat blei sett i gang i 2023, og skal etter planen ferdigstillast i 2025.
– Dette er eit viktig prosjekt for å styrke infrastrukturen for den samiske kulturen. No har vi nyleg fått på plass nytt nasjonalteater med Beaivváš i Kautokeino, og jobbar no målretta mot eit nytt samisk museum i Karasjok. Med desse to på plass vil ein vere mykje betre rusta til å formidle og ta vare på samisk kunst og kultur, seier Jaffery.