Statsbudsjettet 2023
Regjeringa set av 500 millionar kroner i året til Retur-EU
Pressemelding | Dato: 06.10.2022 | Kunnskapsdepartementet
Stønadsordninga Retur-EU blir vidareført, med ei vidare budsjettramme enn før. Det kjem fram i statsbudsjettet for 2023. Ordninga er viktig for at norske forskingsinstitutt kan delta fullt ut i Horisont Europa, verdas største program for forsking og innovasjon.
– Norske forskingsinstitutt lukkast svært godt i Horisont Europa og hentar heim stadig meir EU-pengar, faktisk mykje meir enn venta. Det gjer at vi må finne ein betre og meir føreseieleg måte å budsjettere for stønadsordninga Retur-EU. No set vi ei ramme som gir stort rom for at forskingsinstitutta kan satse på å vinne endå meir pengar frå EU i åra som kjem, seier forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe.
Hittil har norske institutt fått meir enn 68 millionar euro, eller om lag 670 millionar kroner, frå Horisont Europa. Målet er at Noreg skal hente heim 2,8 prosent av dei utlyste midlane i programmet og det klarer vi ikkje utan høg deltaking frå institutta.
Betaler noko av mellomlegget for instituttsektoren
Bakgrunnen for Retur-EU-ordninga er at norske forskingsinstitutt som deltek i EU-prosjekt, ikkje får dekka alle kostnadane sine av EU. Det er fordi EU legg til grunn at forskingsorganisasjonar har høgare offentleg grunnløyving enn det instituttsektoren i Noreg har. For å kompensere noko av dette gapet, får norske institutt som har fått EU-pengar stønad gjennom Retur-EU. Dette er ein resultatbasert og indirekte måte å styrke grunnløyvinga til forskingsinstitutta på, retta mot institutta som deltek i den internasjonale forskingsfronten. Det er Forskningsrådet som administrerer ordninga.
No sikrar regjeringa at Retur-EU blir vidareført, med ei budsjettramme på 500 millionar kroner i året. Det ligg nærare det berekna behovet enn det Forskningsrådet til no har sett av til ordninga.
Regjeringa kjem tilbake med forslag til korleis løyvingsbehovet for den auka ramma for Retur-EU frå og med 2023 skal løysast i samband med statsbudsjettet for 2025.