Regulering av torsk, hyse og sei i 2023
Pressemelding | Dato: 21.12.2022 | Nærings- og fiskeridepartementet
Nærings- og fiskeridepartementet har vedteke reguleringa av torsk, hyse og sei nord for 62 grader nord i 2023. Reguleringa blir i det vesentlege vidareført.
Kvotemelding
Fordelinga av kvoten på torsk vert ført vidare medan regjeringa utarbeider ei ny kvotemelding.
- Vi er godt i gang med arbeidet med kvotemeldinga. Ein viktig del av dette er fordelinga av den norske torskekvoten. I høyringa om sentrale tema for kvotemeldinga viste fleire til at dei ynskjer ei anna fordeling enn den som gjeld i dag. Dette ser vi no nærmare på og er noko vi vil komme tilbake til. Inntil då forheld vi oss til Stortingets vedtatte fordeling, seier fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran.
I 2023 vert ein ny metode for utrekning av kvotefleksibilitet teken i bruk som ei prøveordning. Bakgrunnen er at Nærings- og fiskeridepartementet ba Fiskeridirektoratet om å vurdere metoden for utrekning av kvotefleksibilitet for hysekvoten. Dette var eit tema i reguleringsmøtet hausten 2022.
Auka bonus til levandelagring av torsk
Levandelagring av torsk og ferskfiskordninga skal bidra til at industrien i større grad får tilgang til fersk fisk utanom hovudsesongen i torskefisket. I 2023 aukar bonusen på levandelagring til 40 prosent.
- Vi skal i 2023 gå i gang med å greie ut forslaga til Bearbeidingsutvalget om at artane som inngår i ferskfiskordninga må gå til humankonsum. Vi må òg sjå denne ordninga i samband med kysttorskreguleringa, og då må kunnskapsgrunnlaget vere på plass. Vidare aukar me bonusen på levandelagring for å stimulere meir fiske på ordninga. Vi har sagt at vi skal leggje betre til rette for arbeidsplassar på land. Dette er en del av dette, seier Skjæran.
Det vert sett av 3 000 tonn til kvotebonus for levandelagring av torsk. Avsett kvantum til ferskfiskordninga vert redusert i tråd med nedgangen i torskekvoten. Ferskfiskordninga vert vidareført med oppstart 26. juni 2023 og 30 prosent kvotebonus.
Fisket i open gruppe
Fartøy i open gruppe får dei same fartøykvotene på torsk og hyse i 2023, medan den garanterte kvoten på sei aukar til 7 tonn. Restkvote til open gruppe i fisket etter torsk i 2022 vert ført over til 2023.
-Det har vore utfordringar i fisket i open gruppe dei siste åra, og eg vil leggje til rette for at dei minste fartøya får fiska si kvote. Deltakinga i gruppa har gått ned og vi vidarefører fartøykvotene på torsk til neste år, seier fiskeri- og havministeren.
Det vert sett av 0,9 prosent av norsk kvote til kystfiskeordninga og det garanterte kvotetillegget på 8 tonn held fram i 2023. Delar av restkvoten i 2022 blir overført til 2023 for å sikre ei avsetning på 3 000 tonn til ordninga.
Kvotetillegget på 4 tonn for yngre fiskarar vil også gjelde i 2023. Ungdomstillegget gjeld for kvinner til og med 40 år, og menn til og med 30 år.
Fotnoter
Avsetninger
Kvoter avsatt for å dekke spesielt tilgodesette formål. Det er etablert en rekke kvoteordninger, spesielt innen torskefiskeriene, som er ment å tilgodese ulike politisk prioriterte formål; bonusordning for levendelagring, ferskfiskkvoteordning, agnkvoter, rekrutteringskvoter, kystfiskeordningen, forskningskvote, skolekvoter, lærlingekvoter etc.
Bearbeidingsutvalget
Utvalg som har sett på mulighetene for økt bearbeiding og grønn verdiskaping i sjømatindustrien. Overleverte sin rapport til fiskeri- og havministeren i mars 2022.
Kvotefleks
Muligheten til å over- eller underfiske en del av kvoten ett år mot å få et tilsvarende fratrekk eller tillegg i kvoten året etter.
Levendelagringsbonus
Levendelagringsbonusen gir fiskere en kvotebonus for torsk som leveres levende og lagres i merd. Kjøp av levende fisk gir sjømatindustrien mulighet til å tilby torsk av høy kvalitet utenom sesongen.
Norsk kvote
Den del av totalkvoten, inkludert eventuelle kvotebytter med andre land, som norske myndigheter regulerer, og som fordeles til den norske fiskeflåten.
Åpen gruppe
I en åpen gruppe i fiskeriene er det ikke nødvendig å ha deltakeradgang/konsesjon for å delta. Fartøyene i en åpen gruppe tildeles kvote i mange viktige kvoteregulerte fiskerier, som blant annet torsk, sei og hyse nord for 62 grader nord, NVG-sild (norsk vårgytende sild), makrell og kongekrabbe. Det er åpen gruppe i torskefisket i nord som er den største åpne gruppen. Åpen gruppe ble tidligere kalt gruppe II.