Regulering av fisket etter norsk vårgytande sild i 2023
Pressemelding | Dato: 17.12.2022 | Nærings- og fiskeridepartementet
Kyststatane vart i kyststatsforhandlingane om norsk vårgytande sild (nvg-sild) tidlegare i haust samde om at totalkvoten for 2023 blir sett til 511 171 tonn. Noreg har vedteke å føre vidare den norske delen på 76 prosent av totalkvoten (TAC), og norsk kvote for 2023 blir dermed på 383 704 tonn.
Av den norske kvoten er det sett av 406 tonn til rekrutteringskvotar (gammal ordning), 1000 tonn til rekrutteringskvotebonusordning (ny ordning), 890 tonn til forskings- og undervisningsformål, 500 tonn til agnkvotar og 2000 tonn til open gruppe for kystfartøy.
Fordelingsnøkkelen for norsk vårgytande sild som vart innført i tråd med Stortingets vedtak ved behandlinga av kvotemeldinga i 2020, og som no har verka som fordelingsnøkkel på nvg-sild i 2021 og 2022, blir vidareført i 2023.
Fordelingsnøkkelen er 49 prosent til ringnot, 10 prosent til trål og 41 prosent til kyst. Avtalen frå 2009 om kvotebyte mellom ringnot- og trålgruppa på nvg-sild og makrell blir vidareført som tidlegare.
- Vi må ta omsyn til Stortingets vedtak frå 2020 og føringane som vart lagde på fordelingsnøkkelen fram til vi har eit nytt vedtak å forhalda oss til, seier fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran.
Avsetninga til open gruppe på 2000 tonn vil også i 2023 bli trekt frå totalkvoten.
Utviklinga i fisket for kystfartøy under 15 meter viser at kvoteutnyttinga er god, og overreguleringsgraden blir vidareført på 10 prosent.