Revidert nasjonalbudsjett
Regjeringa føreslår tilskot til utleigebustadar i kommunane
Pressemelding | Dato: 11.05.2023 | Kommunal- og distriktsdepartementet
– Kommunane landet rundt gjer ein kjempeinnsats i å busette eit stort tal flyktningar frå Ukraina. For Arbeiderpartiet og Senterpartiet i regjering er det svært viktig å støtte opp under det viktige arbeidet kommunane gjer. Derfor føreslår regjeringa no tilskot til istandsetting, bygging og kjøp av utleigebustadar i kommunane, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp).
Tilskot til utleigebustadar har gjennom tidlegare flyktningkrisar vore viktig for å utløyse investeringar i kommunane. Regjeringa føreslår å auke tilsegnsramma med 400 millionar kroner, og at denne kan brukast både til istandsetting, kjøp og bygging. Husbanken si vurdering er at mange bustadar ute i kommunane enkelt kan settast i stand og dermed auke tilfanget av bustadar.
–Vi opplev at kommunar over heile landet er svært positive til å busette flyktningar, men det er òg viktig at kommunane blir høyrde når dei melder at dei møter på kapasitetsutfordringar. Tilskotet er eit viktig bidrag for å hjelpe kommunane med å raskt kunne skaffe bustadar til flyktningar. Nytt frå tidlegare år er at kommunane òg kan få tilskot til istandsetting av bustadar, seier Gjelsvik.
Kommunal- og distriktsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00