Statsbudsjettet 2025

Regjeringa vil styrkje Merkur-programmet

Regjeringa foreslår å auke løyvinga til Merkur-programmet i 2025 med 10 millionar kroner.

– Å ha ein nærbutikk er viktige for både fastbuande og tilreisande, og for beredskapen i mange bygder når noko uventa skjer. Merkur-programmet er med å sikre nærbutikkar over heile landet, seier kommunal- og distriktsminister Erling Sande (Sp).

Auke i løyvinga til Merkur-programmet skal bidra til å sikra framtida for distriktsbutikkar rundt om i heile landet som ellers ville hatt utfordringar med å overleve. 

– Verkemidla i Merkur-programmet er svært etterspurde, og dei verkar. Opne daglegvarebutikkar betyr meir enn berre tilgang på matvarer. Rundt om i heile landet ser eg at nærbutikken er ein viktig møteplass og sosialt samlingspunkt, seier Sande.

Mange Merkur-butikkar ønskjer å satse på ny teknologi for å gi eit betre tenestetilbod til sine kundar, og meir effektiv drift. Tilskot i Merkur-programmet har mellom anna medverka til etablering av ei rekkje delvis fjernbetente og døgnopne Merkur-butikkar.

Merkur-programmet er òg forankra i Hurdalsplattforma. Der seier regjeringa at ho vil sikre gode rammevilkår for fysiske butikkar som er viktige for sitt lokalsamfunn, og vidareutvikle Merkur-ordninga.

 

Kommunal- og distriktsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00
E-post til kommunikasjonseininga: ke@kdd.dep.no