Statsbudsjettet 2024

Regjeringa vil styrke samisk i barnehage, skular og høgare utdanning med 15 millionar

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

I dag vel for få samisk i barnehage og skule, og for få tar samisk lærarutdanning og anna høgare utdanning. Derfor foreslår regjeringa 15 millionar kroner til å styrke samisk i heile utdanningsløpet.

– Vi vil styrke samisk språk og kultur i samfunnet. Da må vi få fleire til å velgje samisk i barnehage, skule og høgare utdanning. Vi må også gjere det lettare å bli samisklærar. Derfor vil regjeringa prioritere 15,6 millionar til å styrke det samiske i heile utdanningsløpet, seier kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap).

– Med denne satsinga bidrar vi til fleire og meir tilgjengelege studietilbod i samisk. Vi styrkar også fagmiljøa i universitets- og høgskulesektor, slik at det på sikt kan bli enklare å rekruttere fleire med samiskkompetanse, seier forskings- og høgare utdanningsminister Sandra Borch (Sp).

Betre fjernundervisning

Regjeringa foreslår å løyve 3 millionar kroner til å forbetre samisk fjernundervising. I dag får mange elevar over heile landet undervisning i samisk over skjerm, fordi det ikkje finnast nok samisk lærarar. Det er store forskjellar i tilbodet. Kunnskapsministeren ønskjer at fjernundervisninga skal bli eit betre tilbod.  

Regjeringa vil også løyve 3,6 millionar kroner til å styrke Sametingets arbeid med språk og kultur i barnehage og skole. Dette er del av oppfølginga av stortingsmeldinga om samisk språk, kultur og samfunnsliv som ble lagt fram våren 2023.

Styrkar samisk lærarutdanning

Mangelen på samisklærarar er ei stor utfordring, og rekrutteringa er lav til båe barnehagelærarutdanninga og lærarutdanninga.

For å snu utviklinga vil regjeringa løyve 4,5 millionar kroner til at Samisk høgskole og UiT–Noregs arktiske universitet skal komme i gang med å tilby samisk lærarutdanning til studentar over heile landet, og til å sørge for at alle som tar lærarutdanning kan velgje samisk som fag.  

Løfter sør- og lulesamisk

Regjeringa vil også løyve 3 millionar kroner til å styrke fagmiljøa i sør- og lulesamisk ved Nord universitet. Unesco reknar språka som spesielt trua. Satsinga på å styrke fagmiljøa kan bidra til betre studietilbod, fleire brukarar av språket og betre rekruttering.

I tillegg foreslår regjeringa å løyve 1,5 millionar kroner til Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet. Det skal gå til etableringa av eit senter for samisk leksikografi. Eit slikt senter vil blant anna gjere det lettare å omsetje samiske tekstar og lærebøker.

Gratis skulemat på dei samiske vidaregående skulane i Karasjok og Kautokeino

Regjeringa foreslår 0,5 millionar kroner til å innføre gratis skulemat ved dei to statlege samiske vidaregåande skulane i Karasjok og Kautokeino frå hausten 2024. Satstinga skal sørgja for at alle elevar på skulene får eit sunt måltid kvar dag, som kan bidra til å jamna ut sosiale forskjellar på kosthald og helse.