Statsbudsjettet 2024
Regjeringa vil invitere Kristiansandsregionen til forhandlingar om byvekstavtale og prioriterer 215 millionar kroner til tiltak for kollektivtransport, sykkel og gonge
Pressemelding | Nr: 99/2023 | Dato: 06.10.2023 | Samferdselsdepartementet
– Regjeringa vil bidra ytterlegare til ei kraftfull og langsiktig satsing på klima- og miljøvenleg transport, og leggje til rette for at Kristiansandsregionen når nullvekstmålet for personbiltransport. Difor vil byområdet bli invitert til forhandlingar om ein byvekstavtale. Regjeringa prioriterer om lag 215 millionar kroner i 2024 til tiltak for kollektivtransport, sykkel og gonge i Kristiansandsregionen, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.
I vår vedtok Stortinget ei ny bompengefinansiert bypakke for Kristiansandsregionen. Denne skal bidra til å nå nullvekstmålet for persontransport med bil. Bypakka er ein viktig forutsetning for å kunne starte forhandlingar om ein byvekstavtale. Ei bypakke er eit viktig føresetnad for ein byvekstavtale, og vil bli ein del av avtalen.
– Kristiansand har i dag ein belønningsordning med staten som går ut i 2023. Av dei 215 millionar kronene som er prioriterte til Kristiansandsregionen i 2024, er om lag 128 millionar kroner belønningsmidlar og tilskot til reduserte billettprisar på kollektivtransport. Dette svarar til ei vidareføring av nivået i dagens belønningsordning. Midlane blir innlemma i byvekstavtalen, dersom det blir inngått ein slik avtale, seier samferdselsministeren.
Friske midlar til byvekstavtale i 2024
Vidare har regjeringa prioritert om lag 87 millionar kroner i friske midlar til forhandlingar om byvekstavtaler for 2024. Utbetaling føreset at forhandlingane fører fram, og at det blir inngått ein slik avtale.
– Ein byvekstavtale skal gi eit løft, og ei klar retning for areal- og transportpolitikken i byområdet. Formålet er å betre samordninga mellom staten, fylkeskommunen og kommunen, som har ansvaret for dei ulike tiltaka og verkemidla i byområda som skal til for å nå målet om nullvekst i personbiltrafikken, seier Nygård.
Dersom det ikkje blir inngått byvekstavtale, er det mogleg å inngå ein ny belønningsordning, gitt at byområdet kan gjere greie for at midlane vil bidra til å nå nullvekstmålet.