Revidert nasjonalbudsjett
Regjeringa vil sikre Noreg nok flyingeniørar
Pressemelding | Dato: 11.05.2023 | Kunnskapsdepartementet, Forsvarsdepartementet
Regjeringa vil i revidert nasjonalt budsjett føreslå å bruke 5 millionar kroner på å etablere ei flyingeniørutdanning ved NTNU, og vil løyve pengar til 25 studieplassar i året. Studietilbodet skal vere oppe og gå frå og med studieåret 2024/2025.
– Vi må sikre oss kompetanse innan kritiske samfunnsområde, luftfarta er ei av desse. Vi veit at både sivil og militær sektor er heilt avhengige av flyingeniørkompetanse i åra som kjem, både for å utvikle teknologien vidare og tilgang på nok kompetent arbeidskraft, seier forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe (Sp). I dag finst det ingen slike utdanningar i Noreg. Derfor vil vi bruke pengar på å få i gang eit utdanningstilbod frå 2024, utdjuper Moe.
Stort behov i både militær og sivil luftfart
Både Forsvarsmateriell og NHO luftfart melder om at dei treng mange fleire med flyingeniørkompetanse i åra som kjem. Berekningar viser at vi kjem til å trenge minst 20 nye flyingeniørar i året. Forsvarsmateriell står framfor eit generasjonsskifte, og treng tilgang på arbeidstakarar med rett kompetanse, som også kan tryggingsklarerast.
– Flyingeniørar er kritisk om vi skal få maks effekt ut av våre nye kampfly, maritime overvåkingsfly og helikopter, seier forsvarsminister Bjørn Arild Gram (Sp).
– Vi bidreg allereie med ressursar for å få på plass ei femte flyfaglinje på Fosen vidaregåande skule, som skal utdanne fleire teknikarar. Men vi treng også ingeniørar. Derfor er denne satsinga for å etablera ei flyingeniørutdanning viktig for Forsvaret, påpeikar Gram.
Flyingeniørar arbeider både i statlege etatar og bedrifter, som Forsvarsmateriell og Luftfartstilsynet, og for private aktørar, som fly- og helikopterselskap, verkstadorganisasjonar, store droneoperatørar og innovasjons- og forskingsaktørar innanfor luftfart. I tillegg har Noreg ein droneindustri i sterk vekst, som treng folk som kan utvikle nye fartøy og system.
25 studieplassar til NTNU
Dei nye studieplassane blir lagt til Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU)
Forslaget til regjeringa inneber ei oppstartsfinansiering på 5 millionar kroner i høvesvis 2023 og 2024. Fullt opptrappa vil det koste det 13,1 millionar kroner frå og med 2029.