Regjeringa vil la fagskulane godkjenne studietilbod sjølve
Pressemelding | Dato: 22.03.2024 | Kunnskapsdepartementet
Det blir stadig fleire fagskulestudentar i Noreg. No har regjeringa sendt eit forslag til Stortinget om at fagskulane skal få rett til å opprette og godkjenne nye studietilbod på eiga hand, utan å søke om godkjenning.
Sidan 2016 er talet på fagskulestudentar dobla, frå 15 000 studentar til over 30 000 i 2023. No legg regjeringa fram ein lovproposisjon for Stortinget der ein opnar for at fagskular kan akkreditere eigne studietilbod, såkalla institusjonsakkreditering.
Les hele proposisjonen til Storinget her.
– Det er stor etterspurnad etter folk med høgare yrkesfagleg utdanning i arbeidslivet. No legg vi fram eit meir fleksibelt regelverk som gjer at fagskulane raskare kan opprette studietilbod som er relevante og etterspurde i arbeidslivet, seier forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel (Sp).
Fagskular tilbyr yrkesretta utdanningar som ofte er tilrettelagde slik at ein kan kombinere utdanninga med jobb. I NHOs kompetansebarometer for 2023 melde 68 prosent av bedriftene at dei treng folk med høgare yrkesfagleg utdanning.
Det skal gå raskare å få på plass nye studietilbod
Det er NOKUT (Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga) som har ansvaret for å godkjenne nye studietilbod. Dei får stadig fleire søknader, og det har skapt lang kø. Når fagskulane kan akkreditere studietilbod sjølve, vil det på sikt føre til færre søknadar og kortare kø hos NOKUT.
Det er NOKUT som skal avgjere kva fagskular som får institusjonsakkreditering. Kva som skal vere vilkåra, vil bli fastsett i forskrift. Forslag til vilkår vil etter planen bli sendt på høyring før sommaren.
– Denne regjeringa satsar vidare på fagskulane. No gir vi fagskulane meir tillit og autonomi, og gjer regelverket mindre byråkratisk, seier Hoel.
Regjeringa foreslår også:
- Fagskulane skal kunne gi dispensasjon frå kravet om at alle fagskulestudentar må ha fullført og bestått vidaregåande opplæring. Dermed vil fagskulane få høve til å ta opp søkarar som på grunn av varig sjukdom, funksjonshemming eller liknande ikkje har hatt høve til å fullføre vidaregåande opplæring.
- Fagskulestudentane sine rettar skal styrkast. Regjeringa vil lovfeste ein rett til permisjon frå studiet og eit forbod mot negative konsekvensar når studentar varslar om kritikkverdige forhold.
- Forsvaret vil at fleire av utdanningane deira skal vere fagskuleutdanningar. Dette krev enkelte unntak frå fagskulelova, mellom anna krav om organisering og opptak. Regjeringa vil gjere det mogleg å fastsette unntak frå og tilpassingar til fagskulelova i forskrift.