Statsbudsjettet 2024

Regjeringa vil gi gravide gratis kikhostevaksine

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Etter utbrot og auka forekomst av kikhoste i fleire europiske land, vil regjeringa gi spedbarn i Noreg auka beskyttelse mot sjukdommen. Regjeringa foreslår derfor ei løyving på 17 millionar kroner for å tilby gravide kikhostevaksine.

– Risikoen for utbrot av kikhoste er auka etter koronapandemien. Spedbarn er særleg sårbare for alvorleg kikhoste fram til dei er tre månader, og no vil vi gi desse barna auka beskyttelse, seier helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol.

Svært smittsam sjukdom

Kikhoste er ein svært smittsam sjukdom. Med strenge smitteverntiltak under koronapandemien, var det da færre tilfelle av kikhoste. Derfor er befolkninga si beskyttelse mot sjukdommen meir usikker no.

Fleire europeiske land har hatt utbrot og auka førekomst av kikhoste blant spedbarn dei siste åra, og har innført vaksinasjon av gravide kvinner for å få kontroll med smitten. På denne måten blir antistoff frå mor til barn overført, og barnet får beskyttelse fram til første vaksine når det er tre månader gamalt.

– I Norden er det berre Noreg som ikkje har hatt tilbod om kikhostevaksine til gravide. No vil vi gi same tilbod til gravide her til lands. Ved å vaksinere gravide ønsker vi å førebygge alvorleg kikhostesjukdom hos spedbarn, seier Kjerkol.

Anbefalt av Folkehelseinstituttet

Folkehelseinstituttet har anbefalt tiltaket, og Helsedirektoratet støttar anbefalinga.

Tilbodet vil bli ein del av barnevaksinasjonsprogrammet og dermed gratis for dei som ønsker å ta den. Det er kommunane som får ansvar for å tilby vaksinasjon.

Informasjon om vaksinasjon kan bli gitt som ein del av den ordinære svangerskapsomsorga hos fastlege eller jordmor, og vaksinasjonstilbod kan bli gitt på helsestasjon.