Revidert nasjonalbudsjett
Regjeringa vil forsterka satsinga på Andøya
Nyheit | Dato: 14.05.2024 | Forsvarsdepartementet
Regjeringa held fram satsinga på Andøya og foreslår å løyva 37,5 millionar kroner til å føra vidare bemanna vakthald ved flystasjonen.
– Andøya har ei viktig rolle for nasjonal tryggleik, alliert forsvar og teknologisk utvikling. Den aukande militærstrategiske betydninga for Noreg og NATO krev at vi framleis har bemanna vakthald, seier forsvarsminister Bjørn Arild Gram (Sp).
Då Solberg-regjeringa vedtok å avvikla Forsvarets verksemd på Andøya var det føresett at vakthaldet skulle avsluttast andre halvår 2024.
– Sp/Ap-regjeringa har store ambisjonar for Andøya og vil halda fram utviklinga av Andøya. Forsvaret skal delta i verdiskapinga innan teknologi og romsatsing, i tillegg til å førebu mottak og støtta tidvis opp under trening av alliert luftstyrkar på Andøya, seier forsvarsministeren.
Andøya har eitt av dei beste skytefelta i Europa. Regjeringa etablerer Forsvarets øvings- og utviklingsavdeling Andøya for å testa og utvikla nye kapasitetar. Avdelinga skal leggja til rette for både norsk og alliert øvings- og utviklingsaktivitet.
Noreg har stort behov for luftmilitær mottakskapasitet og eigna øvings- og treningsarenaer for allierte.
– Vi vil investera i infrastrukturen på flystasjonen saman med NATO, og auka kapasiteten for å støtta opp under trening i fredstid. For å leggja til rette for satsinga vil Forsvaret også utvikla samarbeid med Avinor og andre sivile aktørar, seier Gram.
Forsvarets base på Andøya vil bli base for ei ny langtrekkjande droneavdeling i Forsvaret og eit framtidig kompetansesenter for drift av ubemanna luftplattformer.
Forsvaret er i prosess med å avstå areal nær Andenes for å mogleggjera utvikling av sivil romrelatert industriutvikling.