Statsbudsjettet 2024
Regjeringa vil få på plass tilskotsordning for etablerte scenekunstgrupper
Pressemelding | Nr: 53/23 | Dato: 06.10.2023 | Kultur- og likestillingsdepartementet
Regjeringa foreslår å sette av 26 millionar kroner i Norsk kulturfond til den nye ordninga.
– Den nye ordninga er viktig for publikum som blir sikra eit godt og mangfaldig scenekunsttilbod, og ikkje minst for fleire scenekunstgrupper som kan sikrast vidare drift. Eg er glad for at vi har funne midlar slik at ordninga endeleg kan settast i verk, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery.
Ønsket om ei eiga ordning for etablerte scenekunstgrupper har vore stort frå aktørane i scenekunstfeltet, og det har vore semje om at ei slik ordning bør koma på plass.
Scenekunstfeltet i Noreg har dei siste 15–20 åra hatt ein sterk vekst.
–Tilskotsordninga skal vareta scenekunstgrupper som kan visa til langvarig aktivitet og drift, og med det bidra til at vi framleis har eit mangfaldig og rikt scenekunstfelt, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery.
Kulturrådet vil forvalta ordninga for å sikra armlengds avstand. Rådet fattar vedtak om tilskot frå Norsk kulturfond på grunnlag av kunst- og kulturfagleg skjønn innanfor overordna føringar frå Stortinget og departementet.