Nye reglar for opptak til høgare utdanning – vil ha folk raskare i gang med studiane
Pressemelding | Dato: 05.04.2024 | Kunnskapsdepartementet
Regjeringa vil få folk raskare i gang med høgare utdanning, raskare ut i jobb og sikre rekruttering til viktige profesjonar. Derfor vil dei endre opptaksreglane.
– I dag har vi reglar som fører til at unge brukar for lang tid på å kome i gang med studiane. Det er kunstig høge poenggrenser på fleire studium, og hindringar som held motiverte søkarar ut frå viktige utdanningar. No tar vi tak i desse utfordringane og foreslår enklare reglar for opptak til høgare utdanning, seier forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel (Sp).
Til grunn for den nye modellen ligg mellom anna utgreiinga til opptaksutvalet og høyringsinnspela regjeringa har fått.
Går frå 14 til 3 tilleggspoeng
I dag kan søkarar få opptil 14 tilleggspoeng til saman, i tillegg til kjønnspoeng på nokre studium. Det bidreg til kunstig høge poenggrenser for å kome inn på fleire populære studium. På enkelte studium ligg poenggrensene opp mot 70 poeng i den ordinære kvota. Med regjeringa sitt forslag blir det maksimalt mogleg å få 3 tilleggspoeng.
– Å fjerne flesteparten av tilleggspoenga er viktig for å få folk raskare i gang med utdanninga. Det er særs lite samfunnsøkonomisk fornuftig å ha insentiv for å forsinke studiestart, seier Hoel.
Regjeringa vil berre vidareføre nokre få tilleggspoeng:
– Alle tilleggspoenga har hatt gode føremål, men i sum har dei verka negativt. Opptaksutvalet tilrådde å fjerne alle poenga. Vi har landa på å berre behalde poeng for å ta realfag i vidaregåande og for å avtene verneplikt, som vi meiner står i ei særstilling. Vi må sørge for god rekruttering til realfag i den vidaregåande skulen – og vi vil støtte opp under samfunnsoppdraget til Forsvaret og verdsette den viktige jobben dei vernepliktige gjer, seier Hoel
Avviklar karakterkrav for sjukepleiarutdanning – opnar for dispensasjon frå krav til lærarutdanningane
Regjeringa vil avvikle karakterkrava for sjukepleiarutdanninga, men vidareføre dei på lærarutdanningane inntil vidare. Det skal bli mogleg med dispensasjon frå karakterkrava på lærarutdanninga.
– Vi lyttar til dei som utdannar sjukepleiarar rundt i heile Noreg. Fleire universitet og høgskular melder om at dei må avvise mange gode og motiverte søkarar på grunn av desse krava. Når det samstundes er stor mangel på sjukepleiarar må vi ta grep. Dei viktigaste grepa for å sikre kvalitet må vi ta i sjølve sjukepleiarutdanningane og det vil framleis vere nasjonale deleksamenar, seier Hoel.
Krava for å kome inn på lærarutdanningane blei sist endra i 2022, og fordi dette er ei femårig masterutdanning, vil regjeringa halde på nivåkravet for lærarutdanninga inntil vidare. Fleire lærestader har søkt om dispensasjon frå karakterkrava på lærarutdanningane. No opnar regjeringa for slike dispensasjonar, med vilkår om at institusjonen har tiltak som varetek dei same omsyna som karakterkrava er meint å vareta. Regjeringa vil hauste erfaringar frå dispensasjonane og gjere ei ny vurdering av om ein skal fjerne nivåkrava seinare.
Det skal framleis vere mogleg å ta opp fag – innfører ikkje nasjonal opptaksprøve
Opptaksutvalet foreslo å avgrense moglegheita til å forbetre karakterar og i staden innføre ein nasjonal opptaksprøve. Regjeringa går ikkje for ei slik løysing:
– Å gjere det umogleg for unge folk å forbetre karakterar, ville etter vårt syn skapt fleire problem enn det hadde løyst. Det er viktig å ha eit system som gir folk fleire sjansar. Vi har derfor valt å vidareføre moglegheita til å forbetre karakterar også etter at du er ferdig på vidaregåande, seier Oddmund Hoel.
Regjeringa vil ikkje innføre ein nasjonal opptaksprøve til høgare utdanning:
– Ettersom vi vil vidareføre moglegheita for å forbetre karakterar, er det ikkje aktuelt å innføre ein nasjonal prøve no. Det å innføre ein nasjonal opptaksprøve vil krevje svært store ressursar, og vi tvilar på at det vil bli meir rettferdig enn det karakterbaserte systemet vi har i dag. Samstundes ønsker vi å opne for utvida bruk av lokale opptaksprøver på studium med stor konkurranse, seier Hoel.
Fjernar kjønnspoeng – opnar for kjønnskvotar
Mange utdanningar har svært ujamn kjønnsbalanse. I dag er det mogleg å gi ekstra poeng til søkarar på enkelte utdanningar der eit kjønn er klart underrepresentert. Regjeringa vil erstatte slike poeng med eigne kjønnskvotar på utdanningar med stor ubalanse mellom kjønna:
– Sjølv om vi er komne langt i likestillinga på mange område i Noreg, har vi framleis utdanningar og yrke der eitt av kjønna er klart underrepresentert. Det må vi ta grep for å utjamne. Vi ønsker at ein på studium med stor kjønnsubalanse, kan ha kvotar for å sikre at begge kjønn blir representerte. Som hovudregel skal det vere minimum 20 prosent av det underrepresenterte kjønnet, seier Oddmund Hoel.
Regjeringa meiner at ei ordning med kjønnsnøytrale kvotar er eit meir treffsikkert tiltak enn ordninga med kjønnspoeng. Bruken av kvotane skal ikkje gi for stor karakterforskjell mellom dei som kjem inn på kvote og dei beste som ikkje kjem inn på studiet.
Dei fleste endringane ligg fram i tid – andre kan kome raskare
Endringane som er foreslått i meldinga, vil kunne bli innførte på ulike tidspunkt. Dei fleste endringar vil tidlegast ta til å gjelde frå 2027:
– Framtidige søkarar skal vere godt kjende med opptaksreglane før dei skal velje fag i vidaregåande opplæring. Derfor vil innføringa av ein del endringar kunne ta litt tid. Andre endringar kan kome tidlegare. Særleg endringar i opptakskrav til sjukepleiarutdanningane og dispensasjonsmoglegheita på læreutdaningane ønsker vi å få på plass raskt, men vi må kome tilbake til detaljane, seier Oddmund Hoel.
Ny modell for opptak til høgare utdanning
Sjå sendinga her