Tilleggsnummer til Statsbudsjettet 2022:

Regjeringa vil at fleire legar blir utdanna i Nord-Noreg

Dette innhaldet er meir enn 3 år gammalt.

Regjeringa foreslår å auke talet på studieplassar i medisin ved Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet (UiT). Målet er å rekruttere og behalde fleire legar i landsdelen. Forslaget vil gje eit auka opptak med 15 medisinstudentar frå og med neste studieopptak.

– Vi er opptekne av å styrke tenestene nær folk og det er legemangel i Nord-Noreg. Derfor tildeler vi pengar til 15 ekstra studieplassar i medisin ved UiT for å gi betre legedekning i både primær- og spesialisthelsetenesta, seier forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe (Sp).

Regjeringa foreslår i tilleggsproposisjonen til budsjettet for 2022 pengar til 15 nye studieplassar i medisin, og med varig opptak av nye kull slik at UiT kan ta opp fleire studentar kvart år. Ferdig opptrappa betyr det at UiT vil ha 90 fleire legestudentar på utdanninga. Totalt vil det utgjere om lag 40 millionar kroner i auka løyvingar til UiT.

Spesielt fokus på landsdelen

Per i dag studerer halvparten av legane vi har behov for i utlandet. Dette er ikkje i tråd med våre forpliktingar til WTO og gjer oss sårbare til dømes ved auka behov for helsepersonell i andre land.

– Vi kjem til å ha eit spesielt fokus på våre nordlege landsdelar og denne satsinga er eit tydeleg døme på korleis vi vil sikre gode utdanningstilbod og eit auka nasjonalt fotavtrykk også her, seier Borten Moe.

Gode og likeverdige helsetenester over heile landet

Utdanninga på UiT er lagt opp slik at heile helsetenesta i Nord-Noreg blir brukt i praksis og grupper av sisteårsstudentar får undervisning i kliniske fag i tre parallelle løp i Tromsø, Bodø og Hammerfest og i Alta og Karasjok. I tillegg er 60 prosent av studieplassane reservert søkarar med nordnorsk tilknyting.

– Utdanninga er lagt opp slik at medisinstudentane ved UiT både er ein ressurs for helsevesenet i landsdelen, men òg at studentane får oppleve ulike delar av Nord-Noreg. Undersøkingar viser det kan bidra til at fleire vel å praktisere i distrikta etter fullført utdanning. Det treng vi for å kunne tilby desentraliserte helsetenester som gir folk flest gode og likeverdige helsetilbod i heile landet, seier Borten Moe.