Lanserer historisk strategi:
Regjeringa skal styrke det frivillige kulturlivet
Pressemelding | Nr: 18/23 | Dato: 27.04.2023 | Kultur- og likestillingsdepartementet
– Kor og korps, spelemannslag og amatørteater, husflid og handverk. Alt dette og meir får heile Noreg til å yre av liv og bind oss saman som folk. Det er på høg tid å løfte fram kulturfrivilligheita som eiget politikkområde, og styrke dette viktige feltet, seier kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen. No er regjeringa klar med historias fyrste strategi for det frivillige kulturlivet.
– Tenk på alle som speler i korps, syng i kor, samlast i historielag, i vevstover eller amatørteater i landet vårt, kvar einaste dag! Tenk kor mykje dette gir i livet til kvar enkelt, og kor viktig det frivillige kulturlivet er for å skape samhald og liv i lokalsamfunna våre! Like fullt har kulturfrivilligheita aldri blitt løfta fram som eiget politikkområde slik til dømes idretten har. Eg er stolt av at vi no legg fram historias fyrste strategi for å styrke kulturfrivilligheita, seier kultur- og likestillingsministeren.
Manglar eigna lokalar
Strategien skisserer ei rekkje tiltak regjeringa vil gjennomføre. Relevante partar på feltet har gitt innspel, deriblant lag og organisasjonar, profesjonelle kulturaktørar, fylkeskommunar og kommunar.
– Ei gjennomgåande tilbakemelding frå heile landet er at mange manglar tilgang til eigna lokale. Til dømes må mange ta i bruk rom med for dårleg akustikk. Det finst korps som speler i gymsalar med golv som knirkar så mykje at musikken overdøyvast. Dette held ikkje. Vi må leggje til rette for kulturlivet. Her kan vi lære mykje av måten idretten blir høyrt og involvert på når det skal utviklast nye lokalar og arenaer, seier Trettebergstuen.
Vil motverke fråfall
Strategien er ein del av regjeringas arbeid for å auke deltaking og motvirke fråfall i fritidsaktivitetar.
– Vi må sikre oss mot at fellesskapa i kulturlivet raknar fordi kostnadsnivået er for høgt, seier Trettebergstuen.
Regjeringa vil styrke fleire tilskotsordningar, til dømes ordningane for dei nasjonale musikkorganisasjonane, for desentraliserte kulturbygg, for amatørteater og for teknisk utstyr og lokale (Kulturrom).
– Desse ordningane har stått stille lenge. Vi ønskjer eit mangfaldig og inkluderande kulturliv der alle kan delta. Då må vi syte for at organisasjonane og laga har gode rammevilkår, seier Trettebergstuen.
Korps og orkester vil få ei eiga tilskotsordning. I tillegg vil regjeringa fastsette ei forskrift for fordeling av spelemidla til kulturformål. Det er også eit mål å styrke samspelet mellom den profesjonelle og den frivillige kulturen rundt i landet. Her skal det hentast inn meir kunnskap om korleis ein kan leggje til rette for at dei kan to kan dra nytte av kvarandre.