Regjeringa pålegg statssekretærar og politiske rådgivarar å registrere verv og økonomiske interesser frå og med i dag
Pressemelding | Dato: 02.02.2024 | Kommunal- og distriktsdepartementet
Kongen i statsråd har i dag vedteke ei forskriftsendring som inneber at statssekretærar og politiske rådgjevarar får same plikt til å registrere verv og økonomiske interesser som regjeringsmedlemmer har i dag. Plikta trer i kraft i dag.
Endringa vil sikre openheit om statssekretærar og politiske rådgjevarar sine forskjellege verv og økonomiske interesser, til dømes fast eigedom, selskapsinteresser og styreverv i private og offentlege selskap eller interesseorganisasjonar.
– Openheit er viktig for tilliten til politikarar og forvaltninga. Statssekretærar og politiske rådgjevarar har sentrale roller i avgjerder departementa gjer. Det er difor viktig at vi er opne også om deira verv og økonomiske interesser, seier kommunal- og distriktsminister Erling Sande.
Statssekretærar og politiske rådgjevarar skal registrere opplysningane i eit register som Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa (DSS) forvaltar i starten av mars 2024. Opplysningane vil deretter bli publisert på regjeringen.no.