Regjeringa opnar fleire vegar til lærarutdanning
Pressemelding | Dato: 30.05.2024 | Kunnskapsdepartementet
Regjeringa tek ei rekke grep for å utdanne fleire lærarar. No skal Universitetet i Oslo og Nord universitet prøve ut nye modellar. Slike forsøk er viktige tiltak i regjeringas profesjonsmelding, som blir behandla i Stortinget i dag.
Søkartala til lærarutdanningane har falle kraftig fleire år på rad. Trass i lærarmangel mange stader, stod meir enn éin av tre lærarstudieplassar tomme i haust.
– Å satse på lærarar er noko av det viktigaste vi gjer for barn og unge. Vi ser at heile Noreg har behov for fleire dyktige lærarar, og behova er særleg store i distrikta. Derfor opnar vi no fleire vegar inn i lærarutdanninga, seier forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel (Sp).
Profesjonsmeldinga blir behandla i Stortinget i dag
I april la regjeringa fram to meldingar om høgare utdanning for Stortinget: profesjonsmeldinga og opptaksmeldinga. I dag blir profesjonsmeldinga behandla i Stortinget. Innstillinga frå Utdannings- og forskingskomiteen viser at fleirtalet støtter dei fleste forslaga i profesjonsmeldinga. Opptaksmeldinga blir behandla i Stortinget 5. juni.
– Dei femårige, integrerte lærarutdanningane skal framleis vere hovudvegen til å bli lærar. Men no må vi tenke nytt, og vi må handle raskt. Eg er glad fleirtalet støttar forslaga våre. Dei nye modellane skal vere eit viktig supplement for å nå endå fleire, som elles ikkje ville valt lærarutdanning, seier Hoel.
Regjeringa har innvilga to ulike forsøksordningar
Integrert master og PPU
Då det i 2019 vart innført eit masterkrav for opptak til PPU, gjekk søkinga til læraryrket dramatisk ned over heile landet. I profesjonsmeldinga foreslår regjeringa å opne for ein integrert master i PPU som gir dei med bachelorgrad høve til å bli lærarar med mastergrad på to år – eitt år kortare enn i dag. Universitetet i Oslo ønska å prøve ut modellen alt frå hausten 2024. Dei har fått innvilga eit forsøk om ein slik PPU-master, og tilbyr 50 plassar allereie i haust.
– Det er gledeleg at Universitetet i Oslo allereie hadde over åtti søkarar fem dagar etter at opptaket blei opna. Det viser at det er eit potensial i ordningane som vi har foreslått i profesjonsmeldinga, seier Hoel.
Grunnskulelærarutdanning for 1.-10. trinn
I profesjonsmeldinga foreslår regjeringa å opne for forsøk med alternative organiseringar av grunnskulelærarutdanningane for å auke rekrutteringa. Små skular i distrikta treng lærarar med kompetanse som er betre tilpassa behova deira. No har Nord universitet fått innvilga eit forsøk med ei samlingsbasert grunnskulelærarutdanning på Nesna med oppstart hausten 2025. Utdanninga skal gi kompetanse i opptil fem fag, og til å undervise på alle trinn i grunnskulen. Det vil gjere det lettare for kommunane å tilsette lærarar ved små skular.
– Dette er eit viktig pionerarbeid, og om det blir vellykka, vil desse erfaringane vere verdifulle i det vidare arbeidet med å tilpasse lærarutdanningane til behovet i distrikta, seier Hoel.
Nokre tiltak i profesjonsmeldinga
Regjeringa vil
- foreslå å endre forskrifta om rammeplan for praktisk-pedagogisk utdanning, slik at det blir mogleg å tilby ein komprimert og integrert PPU-master
- foreslå å gjere eit mellombels unntak frå masterkravet for opptak til PPU fram til 2030 for personar med relevant bachelorgrad og minst to års relevant arbeidserfaring frå skulen
- foreslå å forlenge unntaket frå krav om mastergrad for opptak til PPU fram til 2030, for dei som har bachelor i praktiske og estetiske fag
- oppmode til forsøk med kvalifisering for tilsette i skulen utan lærarutdanning
- opne for forsøk med alternative organiseringar av grunnskulelærarutdanningane med mål om å auke rekrutteringa, til dømes grunnskulelærarutdanning for trinn 1–10
- overlate til institusjonane å avgjere om og kor mykje ein skal samkøyre undervisning på tvers av dei to grunnskulelærarutdanningane
- legge til rette for at fleire grupper lærarar kan kvalifisere seg til å undervise i småskulen gjennom vidareutdanning
- avvikle nasjonale nivåkrav for opptak til sjukepleiarutdanninga
- føre vidare nasjonale nivåkrav for opptak til lærarutdanningane inntil vidare
- opne for at universitet og høgskular som ønsker det, kan få dispensasjon frå nivåkrava for opptak til lærarutdanningane
- opne for fleire forsøk med kvalifisering frå fagbrev til sjukepleiaryrket