Regjeringa mottek rapport frå Ekstremismekommisjonen
Pressemelding | Dato: 27.02.2024 | Arbeids- og inkluderingsdepartementet, Justis- og beredskapsdepartementet, Statsministerens kontor
Statsminister Jonas Gahr Støre, arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna og justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl tek i mot rapporten frå Ekstremismekommisjonen. Leiar for kommisjonen Cathrine Thorleifsson presenterer arbeidet og forslaga i rapporten.
Rapport frå ekstremismekommisjonen
Sjå sendinga her
Tid: 1. mars, klokka 10.00-10.45.
Stad: Marmorhallen, Kongens gate 18-20.
Pressefolk som vil vere til stades, må melde seg på til presse@aid.dep.no innan utgang av torsdag 29. mars. Ha med pressekort og gyldig ID. Presse kan møte opp frå kl. 09.30 i Marmorhallen.
Pressekonferansen vil bli strøyma. Pressekonferansen blir filma av Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa (DSS) og kan følgjast direkte på www.regjeringa.no. DSS kan kontaktast på telefon 22 24 88 45 eller e-post dss-videoproduksjon@dss.dep.no.
Pressekontakt for statsministeren er kommunikasjonsrådgivar Andreas Bondevik telefon 40 23 24 54, e-post andreas.bondevik@smk.dep.no.
Pressekontakt for arbeids- og inkluderingsministeren er kommunikasjonsrådgivar Jonas Unstad, telefon 47 93 53 82, e-post jonas.unstad@aid.dep.no
Pressekontakt for Justis- og beredskapsministeren er kommunikasjonsrådgivar Linda Hafstad, telefon 47 03 89 68, e-post linda.hafstad@jd.dep.no