Regjeringa med rekordbestilling av luftvern

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Regjeringa vil bruka 12,5 milliardar kroner på å styrka luftvernet i Noreg.- I sum er dette den største enkeltinvesteringa i luftvern på 30 år. Med denne investeringa bidrar regjeringa til å styrka den nasjonale beredskapen vår, og vi erstattar luftvernet som er donert til Ukraina så raskt som mogleg, seier statsminister Jonas Gahr Støre.

Regjeringa foreslår å investere i nye, moderne missil til dagens luftvern. I tillegg vil alt luftvern Noreg har donert til Ukraina bli erstatta. 

Krigen i Ukraina har vist at luftvern er heilt sentralt. Med denne investeringa får Noreg et moderne luftvern med missil som kan skydde både på kort, mellombels og lengre rekkevidde. Anskaffinga skjer på rekordtid.

NASAMS luftvern
NASAMS luftvern Foto: Forsvaret

- Nå tar vi steget til neste generasjon luftvern.  Vi står i eit tidsskilje for tryggleiken i Europa og det hastar for Noreg å få på plass eit moderne luftvern, seier forsvarsminister Bjørn Arild Gram (Sp).

Pakka som regjeringa legg fram inneheld følgjande:

  • Tre ulike missil til NASAMS med kortare, middels og lengre rekkevidde
  • Åtte utskytingseiningar og fire eldleiingssentralar til NASAMS
  • Nye missil til kampluftvernvognene

Missila til NASAMS er i hovudsak utskifting av eldre materiell, mens anna materiell er erstatning for materiell som er donert til Ukraina. Av totalt 12,5 milliardar kroner er om lag 5,1 milliardar kroner gjenanskaffing av donasjonar finansiert med midlar frå Nansen-programmet medan om lag 7,4 milliardar kroner er midlar frå det ordinære budsjettet for oppfølging av langtidsplanen. Midlane vil verta utbetalt over fleire år.

Forsvarsminister Bjørn Arild Gram ser på NASAMS på Ørlandet
Forsvarsminister Bjørn Arild Gram ser på NASAMS på Ørlandet Foto: Asgeir Spange Brekke, forsvarsdepartementet

Etterspurnaden etter luftvern internasjonalt har auka sterkt, og det er svært viktig at Noreg får bestilt materiell no.

- Leveringstidene er lenger enn vi skulle ha ynskt. Nettopp difor er det viktig at vi har tatt ekstraordinære grep for å framskunde bestillinga. Vidare oppbygging av luftvernet vil vere eit sentralt tema i kommande langtidsplan, seier Gram.

Omvæpning av kampluftvern vil kunne skje allereie i 2024 og 2025. NASAMS vil truleg kunne leverast i 2026, mens nye missil kan kome frå 2028. Nye missil til NASAMS vert produsert av det amerikanske selskapet Raytheon, der norsk forsvarsindustri er inne som delleverandørar. Dei to andre prosjekta vil bli anskaffa direkte frå Kongsberg Defence and Aerospace.

- Dette er investeringar som trygger landet og som gir forutsigbarheit for norsk forsvarsindustri, seier Gram.

Investeringane på totalt inntil 12,5 milliardar kroner krev samtykke frå Stortinget.

Fakta om nytt luftvern til Noreg:

Det største prosjektet som vert lagt fram er erstatning av missil til luftvern. Dette er både erstatning for missil som er donert til Ukraina, og erstatning for dagens AIM-120B AMRAAM til NASAMS som går ut på dato om nokre år. Det vil verta investert i tre ulike missil, noko som vil auka effekten av NASAMS monaleg. Missila er korthaldsmissil av typen AIM-9X Sidewinder, missil med medium rekkevidde av typen AIM-120C AMRAAM, og missil med noko lenger rekkevidde av typen AMRAAM Extended Range (ER). Alle desse missila vert produsert av det amerikanske selskapet Raytheon, og norske Nammo og Kongsberg er viktige delleverandørar til ARMAAM ER. Totalt sett er prosjektet på inntil vel 9,4 milliardar kroner. Anskaffinga vil verta gjennomført gjennom ordninga Foreign Military Sales som amerikanske styresmakter har for sal av militært materiell til andre land.

NASAMS er verdens beste beste beskyttelse mot trussler fra luften
NASAMS er verdens beste beste beskyttelse mot trussler fra luften Foto: Forsvaret

Eit nytt investeringsprosjekt skal investera i åtte utskytingseiningar og fire eldleiingssentralar til NASAMS luftvern for totalt om lag 2,3 milliardar kroner. Dette er til erstatning for materiell som er donert til Ukraina før sommaren. Ukraina har rapportert at dette materiellet har spelt ei viktig rolle i forsvaret av landet. Prosjektet finansierast med midlar frå Nansen-programmet, og vil kjøpa «hyllevare» for å erstatta donasjonane ein-til-ein. Desse nye versjonane av NASAMS vil kunna skyta både korthalds missil og missil med medium og lengre rekkevidde. Materiellet vert anskaffa direkte frå Kongsberg Defence and Aerospace.

Regjeringa vedtok i august i år å donera IRIS-T luftmålsmissil til Ukraina. Dette er eit svært kapabelt korthalds missil som tidlegare vart nytta på F-16. Resten av missila si levetid skulle nyttast på kampluftvernvognene til Hæren som Kongsberg Defence and Aerospace er i ferd med å sluttføra i desse dagar. Regjeringa vil i samsvar med det som var planlagt når IRIS-T kom til slutten av levetida erstatta missila med Sidewinder AIM-9X i prosjektet om erstatning av missil til luftvern. Dette er det same missilet som allereie vert nytta av norske kampfly, og som også skal nyttast av NASAMS. Dette gir enklare logistikk og høve til å prioritera på tvers. Endringa av omfang i det eksisterande prosjektet for kampluftvern vert finansiert av Nansen-programmet, og vil omvæpna kampluftvernvognene til å kunna skyta AIM-9X. Omvæpninga vil verta anskaffa direkte frå Kongsberg Defence and Aerospace.

Norge kjøper siste generasjon av NASAMS
Norge kjøper siste generasjon av NASAMS Foto: Forsvars

Kongsberg er sentral i norsk forsvarsindustri med meir enn 12 000 tilsette i 39 land. Nammo er også ein viktig del av norsk forsvarsindustri med 2 700 tilsette i 11 land. Raytheon er det største luftfarts- og forsvarsselskapet i verda. Noreg underskreiv nyleg ein samarbeidsavtale med Kongsberg og Raytheon om å vidareutvikla luftvernsystemet NASAMS. Avtalen legg grunnlag for å styrka dei robuste og stridsprøvde eigenskapane til NASAMS ytterlegare.