Regjeringa legg fram forslag til ny universitets- og høgskulelov
Pressemelding | Dato: 14.06.2023 | Kunnskapsdepartementet
Fredag 16. juni presenterer forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe forslag til ny universitets- og høgskulelov. Loven regulerer verksemda til alle landets universitet og høgskular, både dei statlege og dei private.
Regjeringa legg fram forslag til ny universitets- og høgskulelov
Sjå sendinga her
- Tid: Fredag 16. juni kl. 9.30-10.30
- Stad: Domus Juridica, Universitetet i Oslo, Kristian Augusts gate 17 (Auditorium 3)
Lovforslaget baserer seg på NOU 2020: 3 Ny lov om universiteter og høyskoler og alle høyringsinnspela som er komne inn. I tillegg har departementet innarbeidd lovendringar som er vedtekne i Stortinget dei siste åra, og følgt opp høyringa departementet gjennomførte forslag til lovendringar.
Målet med den nye lova er at Noreg får eit regelverk som tydeleg beskriv ansvar, rettar og plikter, både for universiteta og høgskulane, og for studentar og tilsette. I 2022 var til saman 297 775 studentar i universitets- og høgskuleutdanning og i overkant av 43 089 tilsette (årsverk) ved norske universitet og høgskular.
I den nye lova kjem mellom anna endringar i reglane knytt til studentars retter, tilsetjing i mellombelse stillingar, nedlegging av studiestader og norsk som fagspråk.
Program
- 9.30: Svein Stølen, rektor ved Universitetet i Oslo ønsker velkomen. Deretter presenterer forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe lovforslaget
- ca. 9.55: Pressetid og moglegheit for separate intervju
- 10.30: Slutt
Påmelding: journalister som ønsker å delta, kan melde seg på til kommunikasjonsrådgivar Johanne Severinsen, jose@kd.dep.no, 91114868
Arrangementet vil også bli strøymd fra UIO sin nettside:
UIO-streaming fra Auditorium 3 - Det juridiske fakultet (uio.no)