Presseinvitasjon:
Regjeringa legg fram distriktsmeldinga på Sølvane gard i Gloppen
Pressemelding | Dato: 14.06.2023 | Kommunal- og distriktsdepartementet
Tysdag 20. juni presenterer kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik den nye stortingsmeldinga om distriktspolitikken på Sølvane gard i Gloppen.
Kommunal- og distriktsministeren legg fram ny stortingsmelding om distriktspolitikk
Sjå sendinga her
Framlegging av distriktsmeldinga
Statsråden presenterer distriktsmeldinga i flotte rammar på Sølvane gard. Det er satt av tid til spørsmål frå media.
- Tid: kl. 11.15 - 13.00
- Adresse: Sølvane gard, Kandalsvegen 1340, 6823 Sandane
Statsråden møter lokale aktørar
Etter framlegginga av distriktsmeldinga, møter Gjelsvik lokale næringsaktørar.
- Tid: kl. 13.00 - h14.00
- Adresse: Sølvane gard, Kandalsvegen 1340, 6823 Sandane
Besøke Fjordium
Vi besøker utviklings- og kompetansesenteret Fjordium Performance Institute, som ligger i Gloppen. Her møter statsråden nokre av dei beste utøvarane i landet og får trene med dei.
- Tid: kl. 14.30 - 15.15
- Sted: Fjordium Performance Institute, Krånavegen 7, 6823 Sandane
Besøke NCMT og Strukturplast
Vi besøker NCMT, som er ei nasjonal næringsklynge for plast- og komposittindustrien. Produsentane er i all hovudsak SMB-ar, og er spreidde over store delar av Noreg - særskilt i Distrikts-Noreg.
- Tid: kl. 15.15 - 16-00
- Sted: Mona industriområde, 6823 Sandane
Media er invitert med på heile arrangementet. Påmelding sendast til ke@kdd.dep.no.
Kontaktperson i KDD er kommunikasjonssjef Kjersti Bjørgo, telefon 971 64 835.
Arrangementet blir filma av Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa (DSS) og kan følgjast direkte på denne sida. Her kan også videofila lastast ned i etterkant. DSS distribuerer publiseringspunkt til media som vil sende arrangementet direkte. DSS kan kontaktast på telefon 22 24 88 45 eller e-post dss-videoproduksjon@dss.dep.no.
Presse som ønskjer å bygge inn nett-tv-sendinga på sine nettsider finn embed-kode ved å trykkje «Del video»-knappen i videospelaren på sida.