Regjeringa inviterer kommunar til å delta i frikommuneforsøk
Pressemelding | Dato: 09.05.2023 | Kommunal- og distriktsdepartementet
– Offentleg sektor må utviklast og fornyast for å sikre gode velferdstilbod til alle også framover, og det er behov for at kommunane kan prøve ut ulike løysingar. Det legg vi no til rette for gjennom frikommuneforsøk, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik.
Regjeringa inviterer kommunar og fylkeskommunar til å søke om å bli forsøkskommunar. Dette er ei oppfølging av eit oppmodingsforslag frå Stortinget om å legge til rette for ei frikommuneordning.
Forsøksordninga er ein del av tillitsreforma
Regjeringa har satt i gang ein tillitsreform for heile offentleg sektor. Målet er å gi meir tillit og auka handlingsrom til kommunar og fylkeskommunar. Frikommuneforsøket er ein del av tillitsreforma, og skal skje innanfor heimlane i forsøkslova og forsøksheimlane i sektorlovane.
– Kommunane står overfor store utfordringar, mellom anna gjennom fleire eldre og færre i yrkesaktiv alder. No får kommunar og fylke mogelegheit til å søke om å ta del i frikommuneforsøk, gjennom fokus på si lokale verkelegheit og med brei involvering av tilsette i prosessen, seier Gjelsvik.
Kommunane kan søke på forsøk innafor alle sektorar eller på tvers av sektorar. Regjeringa peiker på nokre område som kan vere interessante for forsøk, mellom anna plan- og bygningslova, helse- og omsorg, opplæringsfeltet og samhandling mellom velferdstenester.
Fleire departement har vore involvert i prosessen, mellom anna Kunnskapsdepartementet. Kunnskapsminister Tonje Brenna er positiv til ordninga, og har tru på nye, spanande løysingar innanfor sitt felt.
– Regjeringa vil ha ein god offentleg fellesskole som er så variert og mangfaldig at alle elevar finn seg til rette der. Forsøk som dette gjer det mogleg å tenkje nytt og prøve ut nye måtar å løyse lovpålagte oppgåver på. I invitasjonen blir kommunane og fylkeskommunane oppfordra til å legge til rette for god involvering av dei tilsette og fagforeiningane. Det støtter eg og eg håper dette kan bli eit godt felles prosjekt for partane lokalt, seier kunnskapsminister Tonje Brenna.
Frist for å sende inn førebels søknad er 8. september
Kommunane og fylkeskommunane må sende ein førebels søknad innan 8. september 2023. Forsøkskommunane vil få rettleiing frå departementa i søknadsprosessen og i tolking av regelverket. Kommunane kan også få oppfølging og moglegheit til å utveksle erfaringar med andre kommunar. Det vil kome et evalueringsopplegg for forsøksordninga i ettertid.
Regjeringa samarbeider med KS om forsøksordninga og om oppfølging av kommunar og fylkeskommunar i forsøksordninga.