Statsbudsjettet 2023

Regjeringa investerer i digitale løysingar og infrastruktur i samferdselssektoren

Dette innhaldet er meir enn 2 år gammalt.

- I eit stramt budsjett har regjeringa likevel sett det som viktig å foreta framtidsretta investeringar i digitale løysingar og infrastruktur som støttar transportsystemets funksjon, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.

Både satsing på oppgraderte system i vegtrafikksentralane, signalsystem på jernbane, samt betre forvaltning og bruk av data frå transportsektoren er viktige element i dette.

Oppgradering av vegtrafikksentralane

Digital infrastruktur kan vere sårbar for feil og uønska hendingar. Derfor skal no Statens vegvesen oppgradere systema i vegtrafikksentralane. Å oppgradere vegtrafikksentralane er viktig for samfunnstryggleiken.

I tillegg til å vere viktige for samfunnstryggleiken i Noreg, tek vegtrafikksentralane seg av trafikktryggleiken og framkomme på vegnettet. Det er behov for å gjennomføre ei rekke tiltak for å betre sikkerheita i dei digitale systema slik at vegtrafikksentralen skal kunne levere gode tenester.

Vegsystemet skal også moderniserast gjennom å utvikle og ta i bruk nye teknologiske og digitale løysingar for å nå klimamåla om nullutslepp.Statens vegvesen har tre satsingsområde: Framtidas digitale veg, heildigitalisert verdikjede for veg, og digitale tenester til kundane.

Framleis digital satsing på jernbane

Regjeringa vil også fortsette arbeidet med å innføre ERTMS (European Rail Traffic Management System). Dette er ei fornying av signalanlegga jernbanen, og det største digitaliseringsprosjektet i Noreg i dag – og eit område der vi er leiande i Europa. Det vil bli brukt om lag 2,3 milliardar kroner til rasjonell vidareføring av prosjektet i 2023. Heile prosjektet har ei kostnadsramme på 32,8 milliardar kroner.

– Det er viktig for regjeringa å legge til rette for eit betre togtilbod. Digitalisering av signalanlegga vil sørge for fleire tog i rute, og difor vil passasjerane få eit betre tilbod. Samtidig kostnadane til drift og vedlikehald gå ned, seier Nygård. 

15 millionar meir til arbeid med offentlege data

Ein viktig del av regjeringa si satsing er god forvaltning av offentlege data, og i transportsektoren vert det kvar dag generert store mengder. For å sørge for at denne vert brukt på mest mogleg hensiktsmessig måte, skal Entur AS koordinere datadeling mellom dei største statlege transportverksemdene.

– Noregs transportdata er ein strategisk ressurs som det er avgjerande at vi forvaltar på ein god måte, og dette er i tråd med Hurdalsplattformen. Derfor aukar vi tilskotet til dette samarbeidet med 15 millionar kroner, slik at det totalt tilskotet i 2023 er på 30 millionar kroner, seier samferdselsministeren.