Statsbudsjettet 2025
Regjeringa innvilgar lån til Årstadhuset på Haukeland
Nyheit | Dato: 07.10.2024 | Helse- og omsorgsdepartementet
I statsbudsjettet for 2025 foreslår regjeringa at det skal bli innvilga lån til ombygging av Årstadhuset på Haukeland. Det skal gi nye lokale for psykiatri- og rusbehandling.
– Årstadhuset på Haukeland har husa Kvinneklinikken og skal no bli bygd om til lokale for psykiatri- og rusbehandling, slik at dette blir samlokalisert på Haukeland med somatikk. Dette vil gi pasientane eit heilskapleg tilbod framover, seier helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre.
I statsbudsjettet for 2025 foreslår regjeringa ei samla låneramme på 611 millionar kroner til ombygging og oppgradering av Årstadhuset på Haukeland universitetssjukehus ved Helse Bergen HF. I 2025 foreslår regjeringa ei utbetaling på 53 millionar kroner.
I tråd med Nasjonal helse- og samhandlingsplan blir det gjort forbetringar i finansieringsordninga for sjukehusinvesteringar gjennom å redusere eigenkapitalkravet for nye, større investeringar framover, slik at nødvendige investeringar kan bli realiserte raskare og at ein kan få betre rentevilkår på alle lån.