Regjeringa gir pengar til 500 nye studieplassar i fagskulane
Pressemelding | Dato: 19.02.2024 | Kunnskapsdepartementet
Totalt får fagskulane no 21,5 millionar kroner til 500 nye studieplassar frå hausten 2024. Oslo, Rogaland, Innlandet og Trøndelag får flest plassar.
– Dette er eit stort løft for viktige utdanningar. No får endå fleire moglegheit til å ta høgare yrkesfagleg utdanning, og det er stor etterspurnad i arbeidslivet etter folk med denne kompetansen, seier forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel (Sp).
Fagskular tilbyr yrkesretta utdanningar som ofte er tilrettelagde slik at ein kan kombinere utdanninga med jobb. I NHOs kompetansebarometer for 2023 melde 68 prosent av bedriftene at dei har behov for folk med høgare yrkesfagleg utdanning.
Dette er andre år på rad at fagskulane får tildelt 500 nye plassar.
– Dei nye studieplassane vil bidra til å møte kompetansebehova i arbeidslivet og styrke konkurransekrafta i Noreg, seier Hoel.
Oslo, Rogaland, Innlandet og Trøndelag får flest studieplassar
Det er fylkeskommunane som har ansvar for fagskulane. I haust blei dei inviterte til å søke om midlar til nye studieplassar. Dei har meldt inn at dei særleg har behov for plassar i helse- og oppvekstfag og tekniske fag.
– Digitalisering og ei aldrande befolkning gjer at det er stort behov for desse studieplassane. Fagskulane er heilt sentrale for å utvikle utdanningstilbod som svarer på dei utfordringane samfunnet står overfor, seier Hoel.
Det er Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) som fordeler midlane, men det er opp til fylkeskommunane å bestemme korleis pengane skal bli fordelt til kvar einskild fagskule.
Tildeling av nye studieplassmidlar i 2024
Fylkeskommune |
Nye studieplassar |
Halvårseffekt 2024 |
Agder |
16 |
688 000 |
Akershus |
15 |
645 000 |
Buskerud |
29 |
1 247 000 |
Finnmark |
5 |
215 000 |
Innlandet |
60 |
2 580 000 |
Nordland |
6 |
258 000 |
Oslo |
100 |
4 300 000 |
Rogaland |
64 |
2 752 000 |
Telemark |
22 |
946 000 |
Troms |
27 |
1 161 000 |
Trøndelag |
50 |
2 150 000 |
Vestfold |
33 |
1 419 000 |
Vestland |
46 |
1 978 000 |
Østfold |
27 |
1 161 000 |
Total |
500 |
21 500 000 |
Fakta:
- Når studieplassane er fullt innfasa våren 2026, har sektoren til saman fått tilført i overkant av 170 millionar kroner til studieplassane over tre år. Frå og med 2026 vil dei nye studieplassane innebere eit årleg auka tilskot på 86 millionar kroner i 2024-kroner, pluss resultatbasert utteljing som blir berekna på grunnlag av tekne studiepoeng.
- Utdanningar innanfor tekniske fag, helse- og velferdsfag, og område som er viktige for det grøne skiftet, er prioriterte ved tildeling av nye studieplassar. Dette er i tråd med Stortingsmeldinga Utsyn over kompetansebehovet i Norge.
- Det er ei viktig føring for fordelinga av studieplassane at dei skal gje auka aktivitet i sektoren. Derfor vektlegg HK-dir i kva grad tidlegare tildelingar av studieplassmidlar til fylkeskommunane har ført til at fleire studerer ved fagskular og dermed auka studiepoengproduksjon.
- For fylke som over tid ikkje har utnytta nye studieplassar til at fleire har gjennomført ei fagskuleutdanning, så har det vore ein reduksjon eller bortfall av nye studieplassar ved tildelinga i år.