Ny svalbardmelding: Regjeringa etablerer Svalbard forskingskontor
Pressemelding | Dato: 31.05.2024 | Kunnskapsdepartementet, Justis- og beredskapsdepartementet, Klima- og miljødepartementet
For å styrke norsk forskingsleiing på Svalbard og få betre oversikt over utviklinga i forskinga på Svalbard, etablerer regjeringa eit eige forskingskontor i Longyearbyen. Kontoret skal ha tilsette frå Noregs forskingsråd og Norsk Polarinstitutt.
– For Noreg som polarnasjon er det ei prioritert oppgåve å fremje ei sterk og synleg polarforsking. Svalbard har blitt ein stadig viktigare arena for internasjonal forsking, og ein samla forskingsfront er viktig for å løyse dei globale utfordringane vi står overfor. Det er behov for meir koordinering, betre samarbeid og meir deling av infrastrukturar, data og resultat av forskinga, seier forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel (Sp).
Regjeringa satsar stort på polarforsking og legg særleg vekt på svalbardforskinga. Forskingskontoret vil bidra til å styrke denne satsinga.
Svalbard forskingskontor skal følge opp forskingsstrategien for Svalbard, vere eit norsk kontaktpunkt for forskingsmiljø som har, eller ønsker forsking på Svalbard og dei skal utarbeide ein årleg rapport over all forskingsaktivitet på Svalbard.
– Med sin særeigne villmarksnatur er Svalbard eit viktig område for forsking på globale klima- og miljøendringar. Samtidig kan denne aktiviteten i seg sjølv auke belastninga på naturen. For å redusere den samla belastninga, sikre meir deling og samarbeid blir Svalbard forskingskontor viktig. Norsk Polarinstitutt har god erfaring med å følge opp forskingsstrategien og forskingsmiljøa i Ny- Ålesund. Etableringa av dette kontoret vil styrke forskinga og gi betre vern av naturmiljøet på Svalbard, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap).