Presseinvitasjon

Ekspertgruppa om barn i fattige familiar legg fram si utgreiing for barne- og familieministeren

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Tysdag 17. oktober mottek barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp) ekspertgruppa om barn i fattige familiar sin rapport og tilrådingar.

Nett-tv Rapportoverlevering: Ekspertgruppe om barn i fattige familier

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her

Ekspertgruppa blei oppnemnd av regjeringa Støre i august 2022. Målet for arbeidet har vore å greie ut målretta tiltak for å styrkje barns oppvekstvilkår og førebyggje at fattigdom går i arv. Sjå utvalet sitt mandat.

Ekspertgruppa si leiar, professor i samfunnsøkonomi ved Universitet i Stavanger, Mari Rege, vil presentere rapporten og tilrådingane frå ekspertgruppa.

Etter framlegginga er det høve for intervju med barne- og familieministeren og utvalsleiaren.

Tid: Tysdag 17. oktober kl. 10.00-11.30. Registrering frå kl. 09.20. Hugs pressekort og gyldig ID.

Stad: Auditoriet i R5, Akersgata 59.

Påmelding: Påmelding innan kl. 12.00 måndag 16. oktober til media@bfd.dep.no.

Arrangementet blir filma av Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa (DSS) og kan følgjast direkte på denne sida. Her kan også videofila lastast ned i etterkant. DSS distribuerer publiseringspunkt til media som vil sende arrangementet direkte. DSS kan kontaktast på telefon 22 24 88 45 eller e-post dss-videoproduksjon@dss.dep.no.

Presse som ønskjer å bygge inn nett-tv-sendinga på sine nettsider finn embed-kode ved å trykkje «Del video»-knappen i videospelaren på sida.